(NPK) Like i kjølvatnet av stortingsvedtaket om utbygging av Rogfast-sambandet tysdag er Vegvesenet klar med ein ny informasjonsfilm om fjordkryssingane i ferjefri-prosjektet på E39.

I den vel fire minutt lange filmen (ekstern lenkje) viser Vegvesenet med animasjonar korleis dei ser for seg ulike løysingar for dei utfordrande kryssingane av Bjørnafjorden, Sulafjorden og Romsdalsfjorden.

– Animasjonen gir òg eit innblikk i kor krevjande det er å finne gode løysingar når sju ferjesamband skal erstattast med bruer. I tillegg skal vegstandarden jamt over bli betre langs heile den 1.100 kilometer lange strekninga, men vi er godt i gang, seier prosjektleiar Kjersti Kvalheim Dunham i Statens vegvesen.

Filmen blir ein viktig del av opplegget når Vegvesenet i juni skal presentere Ferjefri E39 for tunnelekspertar frå heile verda under den årlege World Tunnel Congress i Bergen.

ulafjorden i Møre og Romsdal er den mest krevjande av fjordkryssingane på ein ferjefri E39. No har Vegvesenet laga informasjonsfilm om korleis denne og fleire andre vanskelege fjordkryssingar kan løysast. Foto: Multiconsult.