- Det er berre å beklage, vi har hatt eit uhell og det skal ikkje skje, seier Billy Flø, anleggs- og vedlikehaldsleiar ved Kleven Verft.

Han fortel at uhellet skjedde tysdag kveld under arbeid på kaia.

Folk som bur i området såg dieselflaka på sjøen og sende bilde til Vikebladet Vestposten. Bilda viser tydeleg dieselsølet.

Har rydda opp

- Kleven verft har dei siste dagane rydda opp så godt det let seg gjere,  fortel kommunikasjonssjef Ellen Kvalsund.

Verken ho eller Flø veit heilt sikkert kor mange liter som rann ut i sjøen.

- Det går heldigvis lenge mellom kvar gong noko slikt skjer, seier Billy Flø.

Ulstein kommune har rutinemessig fått beskjed om utsleppet.