Vikebladet Vestposten møter Ingrid Margrethe Ulstein, Thor Erik Andersen og Oscar Overvåg Tafjord sitjande på trappene på framsida av det flotte Sjøsida-bygget i Ulsteinvik sentrum.

17. mai blei papira signert, og neste veke byrjar arbeidet med å klargjere det nye lokalet til Folk Spiseri. 500 kvadratmeter får eigarane til rådvelde, og ifølgje dei er det mykje spanande i vente.

– Heile konseptet blir flytta til Sjøsida. Med så mange kvadratmeter å boltre oss på, ei dobling i forhold til kva vi har i dag, er det mange tankar vi har gjort oss om korleis vi vil utvikle konseptet vidare, seier Thor Erik Andersen.

På same måte som Folk Spiseri satsar på lokal mat, satsar dei også på fleire lokale aktørar når det nye lokalet skal preparerast.

– Vi har til dømes bestilt spesialteikna kjøkken med Ulsteinvik-baserte Mare Safety, og det gler vi oss veldig til å bruke, seier Andersen, som er kjøkensjef ved Folk Spiseri.

Tanken er også at det nye lokalet vil få eit eige bar-område.

Ny medeigar

Andersen og Ulstein har vore eigarar og drivarar til no, men no får dei med seg ein ny medeigar i Oscar Overvåg Tafjord.

– Det blir veldig spanande. Eg har trua på konseptet, og eg har trua på at Ulsteinvik er klar for eit slikt konsept. Vi må ta tida til hjelp, og jobbe hardt for at dette blir staden folk kjem innom når dei er i Ulsteinvik, seier Overvåg Tafjord.

Det er heller ikkje til å leggje skjul på at Folk Spiseri blir meir synleg for folk flest i dei nye lokala, meiner eigarane.

– Eg trur vi blir lettare å finne for dei fleste. Flyttinga gir oss også moglegheita til å sjå på opningstidene våre igjen Det blir nok endringar også der, seier Ingrid Margrethe Ulstein.

– Det blir forandringar frå det som er no, og ei utviding av konseptet, men eg er sikker på at folk vil kjenne oss att, også når vi er inne i nye lokale, seier Thor Erik Andersen.

Butikk med mindre emballasje

Forutan Folk Spiseri ønskjer trioen no å få til ein butikk i tilknyting til det nye lokalet.

– Den vil få namnet Folk Skafferi. Det blir ein liten butikk, med hyllene fylte av norske og lokale råvarer. Varer frå alt ifrå småskalaprodusentar til noko større, fortel Andersen.

– Vi vil også prøve å kutte ned på emballasjebruken, og selje frukt og grønt i lausvekt. Vi ønskjer å følgje trenden som brer om seg her i landet no, og gi vårt bidrag til ei meir berekraftig utvikling, seier Overvåg Tafjord.

– Samstundes ønskjer vi å rette fokus på at vi som samfunn ikkje må gløyme grønsaker og frukt som butikkane ikkje vil ha for sal - anten det dei er snåle eller i feil storleik. Dette er fullt brukande råvarer som blir brukt som dyrefôr, eller regelrett kasta. Vi vil bidra til å utnytte jordas ressursar betre. Vi ønskjer å gjere det vi kan for å få folk til å sjå verdien i dette, seier Thor Erik Andersen.

Også utanlandske varer vil få plass i hyllene, men fokuset er først og fremst på lokalmat.

– Det er den raude tråden som går gjennom heile konseptet vårt, seier dei tre.

Uteservering

Noko som har vore mangelvare for Folk Spiseri så langt er moglegheita til å også drive uteservering.

– På finvêrsdagar, for eksempel 17. mai, hadde ein lunsj eller ein kaffi ute vore eit flott tilbod å gje. Det er eit mål for oss å få i stand dette her nede, seier Ingrid Margrethe Ulstein.

Folk Spiseri ser også føre seg å tilsetje fleire, og går inn for å bli lærebedrift.

– Vi skal byggje ein trygg og god arbeidsplass, seier Oscar Overvåg Tafjord til slutt.