Ei rekkje utøvarar frå Dimna IL var i aksjon under Midsundleikane torsdag. Blant dei var Jonas André Ose, som sprang inn til ny personleg rekord på 100 meter og ei forbetring av årsbeste i landet for 15-åringar. Så langt i år er det berre 30 løparar som har vore raskare i Norge, og den nye persen på 11,63 vart sett under dårlege forhold for sprint.

– Ja, det var både vått og kaldt og bles til tider mykje, fortel Arve Hatløy.

Dimna-trenaren legg til at det vart vanskelege forhold for friidrett, og at det truleg var nokre resultat som ville ha vore endå betre dersom vêret klaffa betre.

– Det var nok ein del som blåste vekk, men Anna Kleven gjorde det godt i lengde (vann med 4,88), og Kornelia Roppen sin 100 meter (13,84) var også bra. I tillegg til Jonas sine løp på 100 og 200 meter.

Det vart også ein del førsteplassar til Dimna-utøvarane. Gabriel Overvåg tok førsteplassen på 60 meter og kule, og andreplass på 200 meter i G13-klassa. Jonas André Ose tok også førsteplassen på 200 meter, her med tida 24,18.

Andrea Skaar Berg var best både på 60 meter og i lengde i J12-klassa, medan Sigrid Warholm tok førsteplassen både på 60 meter og lengde i J13-klassa. Her tok Martine Amalie Dimmen førsteplass i høgde med 1,35, medan Camilla Svoren var raskast på 600 meter.

I J15-klassa vann Kornelia Roppen 100 meter på 13,83. Anna Kleven vann 200 meteren med 28,71, i tillegg til lengdekonkurransen med 4,88.

Sjå heile resultatlista her.

No skjer det elles mykje på friidrettsfronten. Laurdag reiser nokre av dei yngre Dimna-utøvarane til Aksa for stemne der, før det er Hadarleikar sundag.

Og allereie neste helg er det klart for det store stemnet Framoleikane i Bergen, der Dimna stiller ein bra tropp.