- Konklusjonen er at vi har greidd oss rimeleg bra, sa ordførar Knut Erik Engh (Frp) til sine kollegaer i kommunestyret under møtet tysdag kveld.

Kommunestyremedlemmane var svært positive til administrasjonen og alle sektorane i kommunen sine rapporteringsevner, og skrytte av årsmeldinga dei fekk presentert for fjoråret.

- Nok ein gong har vi hatt litt flaks sidan ein rekordhøg skatteinngong på landsbasis var med på å redusere skatteutjamninga for Ulstein kommune. 20 millionar i redusert utjamning, kombinert med eit godt pensjonsoppgjer gjer at vi kan seie oss fornøgde med det økonomiske resultatet for 2016. Til trass for 12 millionar i mindre i brutto skatteinngong har vi eit resultat som er 4,8 millionar betre enn budsjett, og vi kan glede oss over at vi har auka fonda våre med 17,7 millionar i løpet av 2016. Dette er pengar som kan kome godt med framover. Det er all grunn til å gi administrasjonen og resten av dei tilsette ros for jobben dei har gjort i året som har gått, og eg er glad for at vi i løpet av 2016 og hittil i 2017 har fått fleire nye tilsette som vil auke både kvaliteten og kompetansen i organisasjonen vår. Eg nemner ingen spesielt, men ingen er gløymt, sa ordførar Knut Erik Engh (Frp) frå talarstolen i kommunestyremøtet tysdag.

Lågare sjukefråvær

Ordføraren gler seg også over at det har vore ein betydeleg reduksjon i sjukefråværet i kommunen i 2016.

- Ekstra gledeleg synest eg det er at omsorgsetaten har oppnådd gode resultat på dette området. Eg ber likevel kommunestyret merke seg at omsorgsetaten driv under svært knappe rammer, og at denne sektoren har vore underbudsjettert gjennom fleire år. Dette er noko vi bør sjå på i neste års budsjett, då det ikkje er spesielt motiverande å starte året med eit slikt dårleg utgangspunkt. Det blir omtrent som å konkurrere i 100 meter sprint der ein startar 10 meter bak konkurrentane, sa Engh.

Teknologisatsinga ber frukter

Det er inga hemmelegheit at Ulstein kommune er heilt i front i norsk samanheng når det gjeld satsing på teknologilæring i skulen. Men teknologisatsinga elles i kommunen er også god, meiner Engh.

- Vi satsar på teknologi i Ulstein, ikkje fordi det er tøft eller kult, men fordi vi er overbevist om at det vil vere heilt nødvendig i framtida. Innan omsorgsetaten jobbar vi med velferdsteknologi, som ikkje berre kan gjere oss meir effektive, men som også kan gje våre brukarar ei betre teneste og auka tryggheit, seier Engh og legg til:

- Vår satsing på Teknologiskulen har fått mykje merksemd. At vi som skuleeigar har gjort vedtak om at vi skal gi alle elevane i grunnskulen eit løft i teknologikunnskap er heilt spesielt i nasjonal samanheng. Ein viktig del av denne målsettinga er å gi lærarane eit kompetanseløft, og vi gjennomfører no første del av dette kompetanseløftet for samtlege lærarar og skuleleiarar. Eg legg ikkje skjul på at dette ikkje er like populært blant alle lærarane, men det er likevel naudsynt å halde oppe ambisjonane dersom vi skal kome i mål.

Heilt avslutningsvis ville ordføraren også gi kommunestyret skryt for innsatsen.

- Eg trur at mykje av suksessen skuldast at vi evnar å finne omforeinte løysingar framfor å skape splid. At vi i nokre saker har friske debattar er berre sunt, seier Engh.

Positivt med tanke på dei tøffe tidene

Renathe Rossi-Kaldhol, gruppeleiar i Ulstein Arbeidarparti, var hjartans einig i mykje av det Engh sa, og fortalde at ho meiner Ulstein kommune jobbar systematisk og godt.

- Det viser igjen i forhold til det vi ser i denne rapporten. At vi leverer eit positivt driftsresultat er veldig flott, med tanke på det året vi hadde i fjor. Skatteinngangen gjekk ned, som venta, men vi klarte oss likevel. Vi har ein dyktig rådmannsstab som held hjula i gang for kommunen, sa Rossi-Kaldhol.

Også Trond Berg i Ulstein Kristeleg Folkeparti var einig i det ordføraren sa.

- Så er eg veldig nøgd med at vi fekk gjennomført så mange gode ting også i 2016. Eg meiner vi gjer det godt i Ulstein, sa Berg.

Årsrapporten for 2016 blei samrøystes vedtatt.