– Eg meiner vi bør kunne gje innsyn i delar av dokumentet, sa Pål Grødahl i Ulstein Venstre.

Det var i alt to forslag det blei votert over før siste saka for kvelden skulle opp på kommunestyremøtet, det eine eit framlegg frå Venstre om å gje offentleg innsyn i dei fire første av totalt åtte sider i dokumentet frå Ulstein Eigedomsselskap KF, medan det andre var frå ordføraren og administrasjonen, om å offentleggjere dokumentet, men med store delar av informasjonen sladda bort.

Første framlegget fekk berre Venstre sine stemmer for, medan det andre blei vedtatt samrøystes.

I debatten om lukking av møtet og om noko av informasjonen i dokumentet skulle frigjerast, kom det fram at somme parti ønskte å frigje noko, medan brorparten ikkje ønskte det.

Demokrati framfor jus

Pål Grødahl og Ulstein Venstre har ivra mest på for å få meir openheit kring saka, og stilte igjen spørsmålet om ikkje noko av dokumentet kunne opnas for offentlegheita.

– Det er viktig å debattere om vi skal ha ei open eller lukka sak. Dette er den største utbyggingssaka i kommunen nokosinne. Difor føreslo vi å opne saka i formannskapet. Vi føreslo så å opne delar av saka til dette kommunestyremøtet. I offentleglova står det klart at slike saker i sin heilskap ikkje skal lukkast. Om heile saka blir lukka, ser vi på det som naudsynt å klage dette inn til fylkesmannen. Her er det både ei juridisk side og ei demokratisk side, men sistnemnde veg tyngst her, sa Grødahl i sitt innlegg.

– Skadar forhandlingsevna

Både Ulstein Høgre ved Egil Ulfstein og Renathe Rossi-Kaldhol i Ulstein Arbeidarparti var heilt einig med Grødahl i at innsyn i det offentlege er viktig, men at innhaldet i denne saka er så sensitivt at om det kan vere skadeleg for kommunen si forhandlingsevne om den blir gjort offentleg.

– Innbyggjarane får vite alt når vi er i mål med denne saka. Opnar vi saka no har vi ingen forhandlingskort på handa, sa Ulfstein.

– Vi ønskjer alle demokrati, men i denne situasjonen handlar det om at vi skal verne om kommunen sine interesser, sa Rossi-Kaldhol og la til:

- Det ville vore som å spele poker og vise handa før vi skulle satse. Når denne saka er avgjort, støttar vi også at denne informasjonen blir offentleggjort. Men fram til då, meiner vi saka bør vere lukka. Eg håper kommunestyret skjønar den rolla vi har, og at vi skal sørgje for det offentlege sine interesser. Noko anna vil vere fullstendig uansvarleg, seier Renathe Rossi-Kaldhol.

Juristen forklarte lukkinga

Ulstein kommune sin jurist, Ingunn Hestnes, forklarte at det var ei rekkje heimlar i lova som var lagt til grunn for å lukke saka for offentlegheita.

- Som kommune opptrer vi som ein privat forretningsmessig aktør mot andre private aktørar. Då må vi både av hensyn til eiga forvalting og til motparten, ha rom til forhandlingar, sa ho til kommunestyret.

Eit innsyn i denne saka vil kunne skade forhandlingsposisjonen til kommunen, fortel Hestnes. Kommunen nyttar mellom anna paragraf 23, første ledd, i Offentleglova, "unntak av omsyn til det offentlege sin forhandlingsposisjon m.m".

Juristen viste også til § 12, som gjeld unntak for resten av dokumentet, ein paragraf Vikebladet Vestposten ikkje har fått nemnt tidlegare i sine forsøk på innsyn i saka. Dette reagerte også Pål Grødahl i Ulstein Venstre på i sin kommentar til informasjonen frå kommunejuristen.

Som Venstre og Pål Grødahl påpeika i sin argumentasjon for delvis offentleggjering av dokumentet, kom det i 2009 ei lovendring som sa at det offentlege skulle vurdere meirinnsyn. Ho fortalde at Ulstein kommune har vurdert meirinnsyn, men at dei finn at omsynet til Ulstein kommune sin forhandlingsposisjon veg tyngre enn omsynet til offentleggjering i denne konkrete saka, jamfør Offentleglova § 11.

Sladda versjon

I forkant av møtet blei lokalavisa fortald av ordførar Knut Erik Engh (Frp) at dokumentet kunne frigjerast, men då med alle sensitive detaljar sladda vekk. Då var det derimot overraskande for lokalavisa å finne ut at dette skulle opp som ein del av voteringa kring lukking. Eit samrøystes kommunestyre vedtok som sagt lukking av møtet, og dermed også dokumentet.

- Slik vi følte det hadde ikkje ei slik offentleggjering tilført offentlegheita meir informasjon likevel. Store delar av det som hadde kome fram ved ei slik offentleggjering var informasjon som har blitt skrive om tidlegare. Slik eg også oppfatta kommunestyret, var det ikkje stemning for å gjere dette. Så er det også viktig å poengtere at heile dokumentet vil bli frigitt etter kvart, seier Knut Erik Engh til Vikebladet Vestposten.