Tysdag i neste veke kjem Ulstein X-BOW på den nye hundrelappen frå Norges Bank.

Les også: No kjem X-BOW på hundrelappen

Men, designen som først blei til realitet då opphavsmann Øyvind Gjerde Kamsvåg og hans designteam i Ulstein Design & Solutions fekk den på plass på eit Bourbon-skip for over 10 år sidan, har også inspirert til mykje anna. Mellom anna norsk film! Dette skriv Ulstein på sine nettsider. (Ekstern lenkje).

Skurkar i Elias-film

For X-BOW har også vore aktør på barnefilm, skriv Ulstein. Baugdesignet dukka opp som skurken i animasjonsfilmen «Elias og jakten på havets gull».

- Dei tøffaste båtane i verda er X-BOW'en. Og på film er det skurken som er den tøffaste, fortalde filmprodusent John M. Jacobsen som ei forklaring på at storskurken, Polardronninga, og alle medhjelparane hennar er X-BOW-båtar.

(Sjå eige klipp i toppen av saka, frå 2010, då filmen hadde eksklusiv førpremiere på Sjøborg).

På russiske frimerke

Som Vikebladet Vestposten har skrive om tidlegare, har X-BOW-designen også funne vegen til russiske frimerke. Ulstein-konsernet sin største frimerkesamlar, Kristian Fikkan, fekk i oppdrag å få tak i nokre eksemplar av frimerket.

Les også: Fann Ulstein-design på russisk frimerke - laga slips

Då han og andre tilsette i 2014 blei heidra for 30 og 31 års samanhengande arbeid for Ulstein, hadde Fikkan laga eit heilt spesielt slips for høvet. Det blei i dei tider kjend at Ulstein X-Bow blei å sjå på dei nye hundresetlane frå Norges Bank, og difor laga han seg eit slips med nettopp desse pengesetlane på. Det vekte stor merksemd, og mellom andre konsernsjef Gunvor Ulstein jubla for Fikkan sitt stunt.

- No som Ulstein også har fått ein båt på eit russisk frimerke måtte eg nesten lage eit nytt slips. Det er jo litt artig med det, eg ville ikkje vere dårlegare denne gongen, seier Kristian Fikkan.

Også i arbeidskyrkjeforslaget som vann

Snøhetta, som både står bak 9/11-minnesmerket i New York og biblioteket i Alexandria – og baksida av Norges Bank sine nye sedlar, presenterte i 2016 teikningane sine til ny arbeidskyrkje i Ulsteinvik. Også her kom det for ein dag at X-BOW hadde gitt inspirasjon til arkitekturen, skriv Ulstein.

- I prosessen med konseptutvikling samlar vi inspirasjon frå både lokale og fjernare referansar. Dei lokale referansane er viktige for å forstå staden vi jobbar og bidreg til å skape ei tilknyting mellom prosjekt og stad. I utviklinga av konkurranseforslaget Excelsior for Ulstein kyrkje var X-BOW ein av dei lokale referansane vi studerte. Båtforma er eit ikon på innovativ design og vi er svært begeistra for produktet og historia bak. Vi snakka også mykje om verftsindustrien generelt, og stål som material. Stålet fekk ei rolle i innvendige skilleveggar og utvendige forstøtningar, fortel prosjektleiar i Snøhetta, Margrethe Lund.

X-BOW finnast altså også på russiske frimerke! Foto: Skann/Ulstein Group.
Snøhetta ser føre seg det nye kyrkjebygget slik, og prosjektnamnet er "Excelsior". Her ser ein at Ulstein X-BOW var inspirasjonen bak forma på delar av bygget. Foto: Snøhetta/Ulstein Group.