Sørøyane Røde Kors Hjelpekorps arrangerte kurs i søk og redning denne helga. Kurset gjekk føre seg på Dimnøya. Hjelpekorpsleiar Alexander Skar i Sørøyane Røde Kors fortel at kurset er heilt essensielt for dei som ønskjer å vere med i hjelpekorpset.

- Dette er ein del av grunnopplæringa. Det er avgjerande at dei som ønskjer å bli ein del av Søryøane Røde Kors Hjelpekorps er kompetente på å søkje både til fjells og i låglandet, seier Skar.

På fjellet på Dimnøya lærte kursdeltakarane å gjere grovsøk over store områder. Vel nede frå fjellet var neste arena Sundgotmarka barnehage, der aspirantane skulle øve på finsøk.

- Dei får prøve seg på å finne små gjenstandar, som briller og hanskar. Det er slike ting ein gjerne ser etter i ulike situasjonar, og som kan vere nyttige spor å gå etter i søk etter personar, seier Alexander Skar.

På alarmplanen

Om ein aspirant får godkjent kurs i søk og redning hamnar vedkomande på alarmplanen til hjelpekorpset.

- I tilfelle politiet kallar ut Røde Kors til å hjelpe til på søk eller redningsoppdrag, så er det dei som står på alarmplanen til ei kvar tid som vert kalla ut.

Søk og redningskurset denne helga var altså siste steget på vegen til å få vere med på søk- og redningsoppdrag.

Nest største hjelpekorps

Alexander Skar fortel at dei som tok dette kurset først blei med i Røde Kors i januar i år. Ny grunnutdanning tek til allereie i august, og hjelpekorpsleiaren håpar mange fleire ønskjer å bli med.

- Vi er per i dag det nest største hjelpekorpset i Møre og Romsdal, og ønskjer sjølvsagt å få med fleire. Vi er per no 35-36 godkjende hjelpekorpsarar. Det er mange, men vi har ein ambisjon om å bli fleire. Volda er størst, med 44 godkjende hjelpekorpsarar, så vi er ikkje langt unna, seier Skar og smiler.