Vårt Land-fotojournalisten gjer siste innstillingane på kameraet, og forevigar hovudrommet i Flø ungdomshus Vonheim. Erlend Berge har tatt seg fri frå jobben i den riksdekkjande avisa for å gjennom prosjektet «Bilder fra Bedehusland» dokumentere ein viktig del av norsk samfunns- og trussamfunnshistorie.

– I fjor sommar såg vi ei annonse på Finn.no, der det gjekk fram at Søreide bedehus, like utanfor Bergen, skulle seljast. Bileta i annonsen gjorde meg så nysgjerrig på denne staden. Eg reiste dit for å portrettere dei attverande i forsamlinga, totalt 11 stykke, som hadde bestemt seg for å leggje ned og selje huset. Vi laga ein reportasje frå dette besøket. Etter dette tenkte eg med meg sjølv at dette berre var ei historie i ei mykje større ei, seier Berge.

Han tek så eit steg tilbake frå kameraet og kikar på bileta han har tatt. Berge fortel at det blir færre og færre bedehus i Norge, slik utviklinga er no.

– Det seljast bedehus over heile landet, og mange har blitt tekne i bruk på ny, for heilt andre føremål.

Fotodokumentar

Fotojournalisten fortel at det aldri har blitt laga ein nasjonal fotodokumentar kring norske bedehus.

– Det nærmaste ein kjem er ei bok av fotograf Knut Bry som kom for kring 15 år sidan, men den handla berre om bedehus på Jæren. Her har ein ei landsomfattande rørsle, med opp til 3.000 bygg over heile landet, i alle fylke. Ei rørsle som har vore i stor forandring siste åra, seier Berge.

Oppdraget til Erlend Berge blir no å dokumentere estetikken og bedehus-stilen, som anten forsvinn ved oppussing, eller ved at husa leggjast ned og seljast.

– Eg vil dokumentere det som mange kring om i Norge har eit forhold til, og som mange andre ikkje kjenner til. Dette blir ein fotodokumentar som kan kome til å vekkje litt nostalgi hos dei som kjenner godt til bedehusrørsla, og som på andre handa kan verke litt eksotisk, for dei som ikkje kjenner til den, seier han.

– Absolutt levande

Sjølv om mange bedehus forsvinn kvart år, meiner Berge at bedehusrørsla likevel lever i beste velgåande.

– Ein ser jo nokre teikn i tida. Til dømes er det nok meir slik no at rørsla på kvar enkelt stad samlar seg meir kring eitt bygg. Ein blir einige om å nytte ressursane der, og oppussingane blir også gjort der. Dei mindre bedehusa i bygdene blir så gjerne selde. Hus som ikkje blir nytta, eller som står tomme. Sistnemnde har eg sett fleire av.

Erlend meiner at dette like fullt er ei historie om sentralisering og auka grad av mobilitet. Ein har ikkje lenger grunnlag for å halde fram med den same bedehus-tettleiken.

Skal mellom to permar

Gjennom to av sommarmånadane reiser Erlend Berge rundt til bedehus over heile Norge, der han dagleg tek eit bilete frå kvart bedehus til baksida av Vårt Land.

– Avisa nyttar mykje ressursar til å lage reportasjestoff kring temaet, seier han.

Berge har fått støtte frå Fritt Ord, Kulturrådet og Karina Jensens Minnefond.

– Det er dette som gjer at eg kan ta meg fri frå Vårt Land i denne perioden.

Han viser underteikna fleire av bileta han har knipsa på si reise så langt, og seier han gler seg til prosjektet kjem på plass mellom to permar.

– Målet er å gje ut ei bok gjennom Vårt Land Forlag. Eg gler meg. Det som gjer dette ekstra kjekt, er at eg ikkje veit kva eg kan finne. Det blir som ei spanande skattejakt, seier han til slutt.

Her er eit bilete Erlend har tatt sjølv, frå Mølstre bedehus. Dette huset ligg i Sveio i Hordaland. Og som ein kan sjå, tapetvalet her er av det heller friskare slaget. Foto: Erlend Berge.