Når Folk Spiseri flyttar ned til Sjøsida utvidar dei tilbodet sitt. I tilstøytande lokale vil dei drive butikken Folk Skafferi, der dei vil selje lokalprodusert mat og drikke.

No har Folk Spiseri søkt Ulstein kommune om salsløyve til sal av alkoholhaldig drikk gruppe 1 (øl) for Folk Skafferi.

Rådmannen rår til at dei får det, på visse vilkår. Salsløyvet vil gjelde frå klokka 10 på føremiddagen til seks på ettermiddagen, og ikkje sundagar og heilagdagar. Utanom denne tida skal vara dekkast til, på same vis som det er på daglegvarebutikkar.

Saka skal opp i levekårsutvalet no 31. mai, før ho går til kommunestyret 15. juni. Folk har planar om å flytte inn i dei nye lokala 1. august, og då ser dei det som ein fordel at salsløyvet er på plass.