I 2015 vedtok Hareid kommunestyre å auke busetjinga av flyktningar i kommunen med 30 prosent frå dåverande nivå, og at kommunen til ei kvar tid i perioden 2015–2019 skal ha busett inntil 65 flyktningar som utløyser integreringstilskot.

Ressursgruppe

Eitt av dei overordna måla har vore at flyktningarbeidet i kommunen skal bidra til at innvandrarane som blir busette, finn seg raskt til rette i kommunen, og at dei vert sjølvhjelpne så raskt som råd.

Det er i år oppretta ei administrativ ressursgruppe for flyktningarbeidet.

Hareid kommune har målepunkt for flyktningarbeidet, og i saksutgreiinga heiter det at kommunen har lukkast med på dei fleste punkta:

– Plantalet for busetjing er i hovudsak nådd

– Alle busette får starte opp innan 3 månader med norskopplæring og deltaking i introduksjonsprogram

– Alle nyttar seg av språkpraksis i den arbeidsretta norskopplæringa i introduksjonsprogrammet

– Alle deltakarar får eit pedagogisk forsvarleg tilbod, deltakarane opplever meistring og kan delta aktivt i eit inkluderande skulemiljø og oppnå nivåstigning i norskopplæringa i løpet av første året.

Blant dei meir langsiktige måla i planen (2019–2020) er blant anna at flyktningar som har fått kommunal starthjelp i bustadmarknaden, etter 4 år skal bu i private bustader der dei sjølve har skrive kontrakt.

– Gode overgangar frå barnehage til barneskule og vidare til ungdomsskule og vidaregåande skule, er også blant måla. Det same er fritidsaktivitetar til alle som ynskjer det, sosiale nettverk – og at 100 % av dei som har gått på introduksjonsprogrammet er heilt eller delvis i jobb/utdanning eitt år etter avslutta program.

Fleire bustader

– No har vi håp om at Hareid kommune snart er ute av Robek, og då bør vi gå i gang med å byggje fleire flyktningbustader, uttalte Marianne Overå under debatten i kommunestyret.

Ragnhild Nedrelid (Ap) var samd i at det vart gjort eit godt integreringsarbeid i kommunen. Ho meinte det ville vere viktig at planen vart forankra i ei felles ressursgruppe, og ho oppmoda alle kommunale etatar om å ta imot flyktningar, slik at dei kan få språktrening.

Marit Øien Sæverud (KrF) var samd i at det er viktig å opne opp på arbeidsplassar, slik at flyktningane får språkpraksis. Øien Sæverud er tilsett ved Ressurssenteret, og ho opplyste at noko dei ønska seg der var ein jobbsentral.

– Viss flyktningane blir sitjande heime i påvente av ein telefon frå Nav, gløymer dei norsken fort, slo ho fast.

Øien Sæverud kom med forslag til nokre endringar i tilrådingsforslaget. Ho meinte blant anna at det ikkje var bra nok at planen for åra 2017–2020 BØR rullerast kvart år. Ho ville ha SKAL rullerast kvart år. Dette for å ta opp i seg nye endringar med flyktningarbeidet og eventuelle nye føringar og retningsliner frå sentralt hald.

– Vi må sjå planen som eit utviklingsarbeid, og det er viktig at han ligg så tett som mogleg opp mot erfaringane som vi gjer i kvardagen, sa ho.

Under røystinga fekk Øien Sæverud 12 røyster for punktet om å rullere planen kvart år, og eit samla kommunestyre tok heile planen til vitande.

Ingen røysta mot Marianne Overå sitt oversendingsframlegg der ho oppmoda rådmannen om å førebu ei sak samband med revidert budsjett om bygging av kommunale bustader til flyktningar.