Assisterande rådmann, Arne Runar Vik, meiner ny brannstasjon i Ulsteinvik bør plasserast på parkeringsplassen mellom Sjøgata, småbåthamna og Gullblokka.

Lokaliseringa er strategisk god med tanke på industriområda på Osnes, sentrumsnært og med god tilgang på hovudvegen (Sjøgata). Dessutan er grunn- og tomtetilhøva gunstige. Og stasjonen blir nær der han er i dag, så utrykkingstida til stasjonen for deltidsmannskapet vil bli den same som i dag. Kommunen må til med omreguleringar for å realisere ei slik bygging, då området er regulert til parkeringsplassar.

28 millionar

Kommunestyret har løyvd pengar til forprosjekt og ein million kroner til prosjektering inkludert utlysing av anbod for utføringa.

I arbeidet med økonomiplan 2018–2021 vil administrasjonen foreslå å leggje inn 28 millionar kroner til ny brannstasjon, med tiltaksskjema for bygging.

Arne Runar Vik legg til at den endelege kostnaden til brannstasjon ikkje vil vere klar før stasjonen er prosjektert og det ligg føre anbod på utføringa frå entreprenør.

Går fort

Teknisk utval er dei første som får saka på bordet. Torsdag 1. juni skal dei ta stilling til kvar den nye brannstasjonen skal vere. Deretter går saka til Ulstein formannskap.

Arbeidstilsynet har gitt kommunen frist til å rette opp i avvika ved stasjonen innan 1. september 2019. Det er ikkje sikkert kommunen har på plass ny stasjon så fort, men dei tenkjer seg at om bygginga er godt i gang, vil dei kanskje få utsett frist.

Normal byggjetid for ein slik stasjon er 1 1/2 år. Om dei kjem i gang med byggjearbeidet første kvartal 2018, kan dei rekkje det innan fristen.

Samarbeid med Hareid

Teknisk utval vil på møtet førstkomande onsdag også få ei sak på bordet om Brannvernsamarbeid mellom Ulstein og Hareid. Sakspapira til denne saka er førebels ikkje klare.

– Korleis vil plassering av ny brannstasjon I Ulsteinvik gå saman med planane om brannvernsamarbeid mellom Hareid og Ulstein?

– Saka om brannvernsamarbeid kan sjåast saman med saka om ny stasjon. Om administrasjonen til det felles brannvesenet blir lagt til Ulstein, blir det sett av areal i ny stasjon til desse funksjonane, svarer Vik.

Tre lokasjonar

Det har vore sett ned ei arbeidsgruppa som har arbeidd med ny brannstasjon i Ulstein. Dei har sett på fleire moglege tomteval.

Dei har også vurdert ei tomt i nærleiken av Amfi Ulsteinvik og ved Støylesvingen. Båe desse tomtene er vurdert som eigna, men kan gje problem i høve utrykking for ein del av deltidsmannskapet, som bur nært dagens stasjon.

Fleire faktorar

Ulstein kommune leiger lagerlokale til sivilforsvaret sitt utstyrslager, noko dei betaler rundt 110 000 kr i året for. Det kan vere aktuelt å ha dette knytt til ny brannstasjon.

Det står i sakspapira til teknisk utval at det også kan vere ønskjeleg å innlemme eit areal i den nye brannstasjonen for varmesentral eller vekslarhus for Ulstein fjernvarme.

På Rolls-Royce sitt område står det ein nettstasjon (trafo). Om brannstasjonen skal leggjast der må denne flyttast, noko som vil koste 800 000 kr.