Saka skal opp i Hareid kommunestyre torsdag 1. juni. Tilrådinga frå formannskapet går ut på å behalde ei investeringsramme på 15 millionar kroner til framføring av vatn og avløp på Røyset i ein utbyggingsperiode frå 2017 til 2018.

Men som punkt to i tilrådinga heiter det at det i tillegg skal takast opp ei investeringsramme på 7,6 millionar kroner for opprusting av vegen til Røyset. Dette skal finansierast gjennom frie lånemidlar.

Dette blir gjort fordi det er pengar å spare på å kombinere legging av røyrleidningar samtidig som vegen blir rusta opp. På Røyset er det regulert inn eit nytt byggefelt, og ordførar Anders Riise seier til Vikebladet Vestposten at det er håp om at det kan bli byggjestart på det nye feltet i løpet av 2017.

For ei tid tilbake oppmoda Annika Hove og Ragnar Røyset om at vegen måtte få høgare klasse enn 6 tonn. Riise opplyser at vegen vart oppklassa frå 1. april i år, men det er likevel behov for ei oppgradering på store deler av vegen.

Anne Gry Eilertsen