Etter framlegg frå Ulstein Arbeidarparti vedtok teknisk utval i Ulstein at dei støttar at det blir bygt ny brannstasjon i Ulsteinvik, og at det blir sett fram forslag om økonomisk løyving for prosjektet i økonomiplanen/budsjetthandsaminga til hausten.

Tilrådinga var at den nye stasjonen skal byggjast på parkeringsplassen ved småbåthamna og Rolls-Royce, men utvalet ber om at fleire plasseringsalternativ blir greidd ut, og at desse utgreiingane blir lagt fram for politiske handsaming snarast råd.

Kan hindre andre aktivitetar

Teknisk utval synest området ved RR verkar for lite til å vere ei framtidsretta god plassering av brannstasjonen, og dei er redd plasseringa her kan hindre andre gode sentrumsaktivitetar/prosjekt i framtida. Dei meiner at plassering av brannstasjon her kan bryte med ideane om ei god utvikling av eit og attraktivt sentrumsområde.

Ønskjer ikkje sinke prosessen

Utvalet slår fast at dei ikkje ønskjer å sinke prosessen, dei støttar tidsplanen som er skissert, så brannstasjonen står ferdig i 2019.

Estetisk og miljøvenleg

Utvalet ber også om at bygget får ei estetisk god og stadstilpassa utforming.

Dei ønskjer også at anlegget kan drivast energinøytralt, eventuelt gå i pluss med straum. Det kan skje ved å kople brannstasjonen til fjernvarmeanlegget og ved utnytting av solenergi, foreslår dei.

Ikkje styrt av knappe fristar

Det var Magne Gurskevik som tok initiativ til vedtaket som vart vedteke samrøystes. Han meinte at i ei slik sak der vedtaket kan prege sentrumsbiletet i mange tiår framover, kan ikkje debatten bli styrt av tidskrav og knappe fristar frå andre styresmakter (Arbeidstilsynet. Det er viktig med ein god demokratisk prosess.

Positivt

Assisterande rådmann og brannsjef, Arne Runar Vik, seier til lokalavisa at han synest det er positivt at teknisk utval engasjerer seg og ønskjer ei best mogleg plassering.

No skal formannskapet ha saka oppe tysdag over pinse (6. juni) så han ventar og ser kva dei vedtar før administrasjonen eventuelt byrjar greie ut andre plasseringar.

Ingvild Aursøy Måseide

ingvild@vikebladet.no