Kongsberg har signert ei kontrakt med Havyard Ship Technology for levering av komplett, integrert fartøyskonsept til ny pelagisk trålar. Leveringa inkluderer FISHMASTER fullintegrert bruløysingsystem med automasjon, fiskeleitingsutstyr, vinsj- og trålesystem.

– Dette er ei kjempeviktig kontrakt for oss, slår Torkjell Ringstad, salssjef i handteringssystem Kongsberg Maritime fast til Vikebladet Vestposten.

Dette gir mykje arbeid til avdelinga i Ulstein. Alt neste veke startar ingeniørane på prosjekteringa. Alt saman skal bli produsert og testa i Ulstein. Dei har hatt fleire ingeniørar i permisjon siste tida, men no reknar han med at dei fleste kjem i arbeid igjen.

Nyutvikling

Ringstad fortel at dette er kontrakt på ei nyvinning, som sparer skipet for over 20 tonn samanlikna med tradisjonelle, elektriske, asynkrone system.

– Vinsjpakken er mykje mindre både i volum og vekt, noko som gjer at det blir plass til meir fisk og ein sparer drivstoff, forklarer Ringstad.

Vinsjane fungerer som ein liten generator og produserer energi som blir ført tilbake til skipets hovudtavlesystem.

Då Kongsberg såg at marknaden endra seg, byrja dei arbeide meir med å utvikle nye løysingar, det er det dei ser vinsten av no.

Ny bruløysing

FISHMASTER fullintegrert bruløysing representerer ein ny måte å operere fartøy på, ved å integrerer alle systema frå Kongsberg med ergonomiske pultar som kan justerast i høgd og leggje til rette for både sitjande og ståande operasjon.

Løysinga vil forenkle operasjonar frå brua der store skjermar vil vise alle systema frå Kongsberg, avhengig av kva operasjon som blir utført.