I tillegg kjem utgifter til vedlikehald, som straum, reinhald og ventilasjon.

Vikebladet Vestposten har tidlegare skrive at Rome vil føre opp 50 nye bustader i Bjørndalvegen. I tilknyting til bustadene skal det førast opp eit parkeringsanlegg. Opphavleg var planen at Ulstein kommune skulle kjøpe ein del av parkeringsplassane, men eit kommunalt kjøp av parkeringsarealet og alternativet der kommunen står som utbyggar vil vere i strid med lov om offentlege anskaffingar.

No har kommunen kome til ein avtale med utbyggjar, der dei då får leige i staden. Avtalen blir inngått når seksjonen er ferdigstilt og klar til bruk, truleg årsskiftet 2018/19) med ei tidsramme på 10 år, og opsjon på 5 pluss 5 år.

Saka skal opp i Ulstein formannskap 6, juni, før ho går til kommunestyret.

I sakspapira står det at det vil koste nesten det same å byggje sjølv, og då får dei ikkje overbygde plassar. Det trengst overbygde parkeringsplassar i sentrum, skriv rådmannen, og meiner kommunen kan leige ut ein del av plassane vidare.