Det kjem fram i årsmeldinga for 2016, som no er under handsaming i politiske organi kommunen.

Skatteinngangen utgjer ein mindre prosentdel av dekningsgrada enn før.

Likevel er det ei optimistisk årsmelding rådmannen legg fram. 2016 blir innleiingsvis omtala som det året som la grunnlaget for at kommunen igjen vart herre i eige hus. I 2017 blir Hareid nemleg utskrive frå ROBEK-lista.

Men samtidig strekar rådmannen under at Hareid har eit inntektsnivå på berre 92 prosent av ein norsk gjennomsnittskommune. Det blir også sett eit NB i margen ved at kommunen i fjor oppretta fleire nye stillingsheimlar.

Tap av arbeidsplassar

Rådmannen er også innom tapet av arbeidsplassar i kommunen det siste året – og det at kommunen no er på fylkestoppen i arbeidsløyse. For å bøte på dette skriv rådmannen at «kommunen har gått i dialog med næringslivet og fylket for å vidareutvikle den aktiviteten som er her, og gjerne legge til rette for ny aktivitet».

På spørsmål frå Vikebladet Vestposten opplyser ordførar Anders Riise at administrasjonen hittil har hatt møte med leiinga i Hareid Næringsforum og to møte med Regional- og næringsavdelinga i fylket.

– Målet vårt er å setje i gang tiltak som sikrar eksisterande arbeidsplassar i kommunen, og helst også kan skape nye. Blant anna ved å få rettkomen tilskot frå fylket og staten, forklarer Riise.

Stor auke i rammetilskota

I 2010 dekte rammetilskota berre 20,3 prosent av Hareid kommune sine bruttoutgifter (eks. renter). I samband med ei omlegging av kommunefinansieringa fekk dekningsnivået av rammetilskota ein brå oppsving i 2011 til 36,8 prosent. I åra vidare har rammetilskotet sin del av utgiftsdekninga halde fram med å auke – til 40,2 prosent i 2016.

Tilsvarande utgjer skatteinntektene ein stadig mindre del av dekningsgrunnlaget. I 2010 kom 39,7 prosent av utgiftsdekninga frå skatt. I fjor berre 33,7 prosent.

På dei fleste område driv Hareid billegare enn landsgjennomsnittet. Noko som i ei viss grad truleg kan forklarast med trongare økonomi enn landsgjennomsnittet.

Eit døme på slik billeg drift er at brutto driftsutgifter per km kommunale vegar ligg på kr 94.567 – mot kr 135.526 i landsgjennomsnitt. Her ligg nabokommunen Ulstein meir enn dobbelt så høgt med kr 198.000.

Billegare vatn i Ulstein

Trong økonomi gir også utslag for innbyggarane, som i tillegg til eigedomsskatt også har dyrare vatn enn ulsteiningane. I 2016 var vassavgifta i Hareid kr 3.921, medan ho i Ulstein berre var på kr 2.679. Men Sande er dyrast på søre Sunnmøre med kr 4.717. Når det gjeld avløp og avfall ligg Hareid og Ulstein nokså likt.

Elles kan nemnast at færre born i Hareid får spesialundervisning enn landsgjennomsnittet. Forholdet er 6 til 8.

Derimot ligg Hareid godt over landsgjennomsnittet i tal på personar over 80 år på institusjon. Medan Ulstein ligg godt under.

Kvinnearbeidsplass

Hareid kommune er i hovudsak ein kvinnearbeidsplass. Av 399 tilsette i fjor var 326 kvinner, d.v.s. 82 prosent. I barnehagesektoren er 50 av 51 tilsette kvinner. Den mest likestilte sektoren er sentraladministrasjonen der det jobbar 14 kvinner og 12 menn.

I helse- og sosialsektoren er kvinnedelen på 95 prosent.

Sjukefråværet – ei utfordring

Årsmeldinga nemner sjukefråværet som ei utfordring. Den var på 10,12 prosent i fjor. Fråværet er størst i administrasjonen (16,01 prosent) og minst i undervisningssektoren (6,32 prosent).

Det er elles eit trekk at sjukefråværet er størst mellom kvinnene. I undervisningssektoren er fråværet mellom kvinne på 7,18 prosent, medan det blant mennene er på berre 2,10 prosent.

Årsmeldinga vart samrøystes godkjent i Levekårsutvalet tysdag, men skal vidare til formannskapet 12. juni og til endeleg godkjenning i kommunestyret 22. juni.