Ho er styreleiar i Barnekreftforeningen i Møre og Romsdal, som fungerer som eit støtteapparat for familiar som har kreftsjuke born.

– Vi har diverre alt for mange medlemmar, rundt 250, seier Lund, og viser til at kreft blant born har vorte meir vanleg enn før.

Viktig med rask diagnose

– Det er umogleg å vere førebudd på ein kreftdiagnose, det gjeld både foreldre og barn, seier Lund.

Ho er sjølv mor til ein gut som har hatt leukemivarianten ALL. Ho seier at vegen fram til diagnose kan vere kronglete, men at behandlinga derifrå er veldig bra.

– Vi i foreininga jobbar med at det skal gå raskt frå ein kjem til legen første gong til ein får avklart ein eventuell kreftsjukdom, fortel ho.

Krevjande behandling

Når det er mistanke om kreft, må det takast blodprøver. På laboratoriet på Ulstein legesenter tek Astrid Hareide Holstad og dei andre legesekretærane seg tid til å snakke med borna.

– Men dDet er ikkje alltid så lett å vite kor mykje vi skal forklare, kor detaljerte vi skal vere, fortel Holstad.

Ingen av sjukehusa i Møre og Romsdal stiller kreftdiagnose, det vert gjort på St. Olavs Hospital i Trondheim.

– Sjukehusa i Ålesund og Kristiansund vert meir som støttefilialar for Trondheim, vi hjelper til med behandling og prøvetaking, fortel barnelege Anders Moen. Han jobbar på barneavdelinga i Ålesund.

– Det er ei krevjande behandlinga borna må igjennom, seier han.

Gode prognosar

Både Cecilie Lund og Anders Moen rår foreldre til å gå til lege med borna viss helsetilstanden til born har endra seg over tid.

– Viss du føler at det er noko som ikkje stemmer, så har du som regel rett, seier Lund, som ber foreldre ikkje gje seg før dei har fått svar frå helsevesenet.

Anders Moen fortel om ein givande jobb, spesielt fordi det er gode prognosar for dei som får kreft i ung alder.

– Av alle som får kreft som barn vert 80–85 prosent friske igjen, seier han.

– Det går ikkje an å vere førebudd på at barnet ditt har kreft, seier leiar i Barnekreftforeningen, Cecilie Lund. Foto: Privat