Sokneprest Margit Lovise Holte har skrive brev til statsminister Erna Solberg der ho ber henne donere ein kjole til kjolerullinga for å finansiere ny kyrkje i Ulsteinvik.

No skriv statsminister Solberg på Facebook at ho gjerne vil donere ein kjole til kjolerullinga for nyekyrkja.

Men ho treng hjelp til å få den dit. Kjolerullinga er alt no førstkomande laurdag. Solberg spør om nokon skal frå Oslo til Ulsteinvik og kan ta med seg kjolen for henne?

Siste nytt: Det ordnar seg

No skriv Bente Andreassen Pilskog frå kyrkjekontoret at dei har ein tilsett i frå Ulstein sokn i Oslo. Vedkomande stikk innom statsministerens kontor og hentar kjolen. Ulstein sokn er i dialog med statsministerens kontor.