Det var Kristian Fuglseth (Folkelista) som fremja forslaget under siste kommunestyremøtet. Han lanserte forslaget då kommunalsjef Eivind Longva orienterte om tilstandsrapporten for grunnskulen i Hareid kommune 2017.

- Hareidsskulen er på rett veg

Longva slo fast at tilstandsrapporten viser at grunnskulen i Hareid er på rett veg. Han viste mellom anna til at samtlege avgangselevar i årskulla 2014 og 2015 gjekk over i vidaregåande skule.

- Det er ein indikasjon på at vi klarer å halde på motivasjonen også på ungdomstrinnet, meinte Longva.

Han opplyste vidare at det no blir jobba intenst med å styrke tidleg innsats for å unngå spesialundervisning seinare.

Rekna om frå prosent til tal viser tilstandsrapporten at 3-4 elevar på 7. trinn, og 3-4 elevar på 10. trinn blir mobba 2-3 gonger i månaden eller oftare.

- All mobbing er urovekkande, og vi har no fått på plass ein ny handlingsplan mot mobbing. Den inneheld også skulering av korleis mobbing skal handterast. Vi har sjølvsagt null-toleranse for mobbing.

Formannskapet sa ja til Fuglseth

I utgangspunket var tilrådinga frå rådmannen at formannskap og kommunestyre skulle ta tilstandsrapporten for grunnskulen i Hareid 2017 til vitande. Men då saka var til handsaming i formannskapet kom Kristian Fuglseth (Folkelista) med tilleggspunkt som gjekk på at rådmannen skulle greie greie for dei pedagogiske føringane som kommunen har for å gje lekser i Hareidsskulen.

Med i utgreiinga villa han også ha ei oversikt for leksehjelp i hareidsskulen.

Eit overslag over kostnadene av ei kompetanseheving mellom tilsette i skulen og SFO for bruk av pedagogar i tilbodet om leksehjelp.

Hente erfaringar frå andre kommunar eller skular som har gjort forsøk med leksefri skule.

Det siste punktet i forslaget hans var at ein av skulane i Hareid kommune skal vere med på eit forsøk med leksefri skule, med utgangspunkt i å kartlegge om dette er eit aktuelt alternativ i Hareid. Kartlegginga bør skje i samband med ein invitasjon til samarbeid med Høgskulen i Volda.

I formannskapet vart tilleggsforsslaget til Kristian Fuglseth samrøystes vedteke.

Kommunalsjefen skeptisk på noverande tidspunkt

Under debatten i Hareid kommunestyre takka Ole Frank Bakken (H) for ei god orientering frå kommunalsjef Eivind Longva. Men han ville vite om kommunalsjefen syntest det var greit at det vart sett i gang eit prosjekt om leksefri skule.

Longva svara at han i utgangspunktet ikkje var imot eit prosjekt med leksefri skule, men at det kanskje ikkje var rette tidspunktet no. Dette fordi arbeidsmengda administrativt er stor, og det no blir jobba med andre store prosjekt.

Ole Frank Bakken ba deretter om gruppemøte. Det resulterte i at han etter pausen lanserte forslaget frå Levekårsutvalet om å ta tilstandsrapporten for grunnskulen i Hareid kommune for 2017 til vitande.

Etter prøverøysting vart det endelege resultatet at Hareid formannskap (Kristian Fuglseth sitt forslag vart vedteke med 14 mot 7 røyster.

- Samarbeidet mellom heim og skule er viktig

Kristian Fuglseth understrekar til Vikebladet Vestposten at samarbeidet mellom heim og skule er noko av det aller viktigaste, og at forslaget om leksefri skule ikkje må kome i vegen for dette.

- Men det store spørsmålet er om alle foreldre har tid, høve og ressursar til å hjelpe til med leksearbeidet. Skuledagen er lang, medan tida til lekser er for kort. Mykje av opplæringa blir lagt til leksene og oppfølging av desse. Då er vi avhengige av at det fungerer, forklarer Fuglseth.

Han meiner det er viktig å finne ut om elevar fell utanfor heim/skule-samarbeidet, og om skulen kan hjelpe til i slike tilfelle.

- Kanskje ei mindre gruppe kan prøve opplegget utan tradisjonelle lekser, men heller få andre oppgåver heime. Kommunen har lærarar i skulen som gjer ein svært stor innsats, og brukar mykje krefter i klasseromsituasjonen. Kanskje vi kan lette dette arbeidet. Finne ut om lærarane i større grad kan variere arbeidsdagen til beste for elevane, eller om dei er bundne av andre oppgåver utanfor klasserommet, kommenterer Fuglseth.