– Eg saknar skulen og å drille i korpset, fortel sjetteklassingen. Ho er heime på Ulstein og i fanget ligg hunden Tassen. Det har gått sju månader sidan ho i all hast vart send til St. Olavs Hospital i Trondheim.

26. oktober 2016: Siri-Lill har klaga over vondt i eit kne. Mormora seier jenta har vorte så bleik og tynn. Frå legevakta i Ulsteinvik vert ho send til sjukehuset i Volda for røntgen og fleire blodprøver. Der finn dei noko i blodet hennar og seier at ho må vidare til anten Ålesund eller Trondheim.   – Det er  som om det opnar seg ei luke i golvet under meg, tenkjer mamma Therese.

– Eg vart først glad for at eg skulle få flyge til Trondheim, men då eg kom på sjukehuset der, vart det verre. Siri-Lill fortel at ho var redd, for legane forklarte og tok mange prøver, heile femten glas med blod. Ho fekk også kanyle i handa, og allereie dagen etterpå vart ho lagt i narkose for å ta prøve av spinalvæska. Diagnosen var akutt lymfoblastisk leukemi, ALL.

– Kjem eg til å døy?, spurde eg legane då. Dei svarte ”forhåpentlegvis ikkje”, fortel 11-åringen.

– Vi fekk beskjed om å vere opne og ærlege, at Siri-Lill skulle få vite alt, seier foreldra Therese og Ronny Hasund.

Det gjekk fem veker frå ho vart hastesend frå Volda til Trondheim til ho fekk kome heim til Ulstein. Heim til brørne Gustav (18) og Richard (16) og hunden Tassen (3).

– Det å ha kjæledyr å snakke om, har vore til utruleg stor hjelp i denne prosessen, fortel Therese Hasund. i tillegg til Tassen har familien to kaninar.

– Dyra har vore kjekke å tenkje på og snakke om, seier Therese.

21. desember 2016: Det er natt på sjukehuset i Ålesund. På operasjonsbordet ligg Siri-Lill. Ho har i mange dagar vore skikkeleg elendig med høg feber kvar kveld. Ho har vore inn og ut av sjukehus, ingen skjønar kva som er gale. Det viser seg at ho har blindtarmbetennelse. Store mengder cellegift har skoddelagt smertene frå blindtarmen.

På julaftan fekk ho vere heime på Ulstein nokre timar, mykje takka vere heimesjukepleia som kom og gav medisin.

– Ho hadde null immunforsvar, så det var spennande dagar, seier pappa Ronny Hasund stille.

Framleis må elleveåringen passa seg. Å få til dømes vasskoppar eller spysjuka vil vere ille.

Legane er fornøgde med utviklinga til no.

– Helsevesenet er heilt unikt, dei som jobbar der er veldig flinke, seier Ronny.

– Ja, dei er ein gjeng med kvite englar, supplerer Therese.

Ho jobbar til vanleg på Ulstein ungdomsskule, han på Rolls-Royce. Therese har 100 prosent pleiepengar, Ronny har femti prosent.

Etter eit halvår med knalltøff medisinsk behandling har Siri-Lill gode dagar heime på Ulstein. No ventar cellegiftkur i Trondheim kvar åttande veke, i tillegg til medisin og blodprøver på sjukehuset i Ålesund innimellom. Ifølgje Norsk Helseinformatikk vert 80–90 prosent av ALL-sjuke born friske igjen. For Siri-Lill er det framleis eit stykke igjen: først i mars 2019 er ho ferdigbehandla.

– Eg er litt lei av sprøyter og stikking. Og verst var det å miste håret, fortel Siri-Lill.

17. mai 2017: Det er litt over eit halvt år sidan livet tok den uventa vendinga. Siri-Lill har sakna det sosiale, det å vere på skulen, vere i drillkorpset. Ho har bestemt seg for å vere med som drilljente i barnetoget i Ulsteinvik. Legen hennar på barneavdelinga i Ålesund er litt skeptisk, for er ho sterk nok? Ho klarer det: frå Fredheim til Amfi marsjerer ho saman med dei andre, framom skulekorpset.

Etter lange opphald på sjukehus har ho klart føre seg kva ho har lyst til å jobbe med i framtida.

–Eg hadde tenkt på det før eg vart sjuk også, men no er eg heilt sikker: eg skal verte sjukepleiar.