I programmet følgjer vi ulike menneske som diskuterer kva som er bra og dårleg tv heime i si eiga stova. I 2015 fekk programmet Gullruten for beste programserie. Og serien er framleis svært populær: fjerde sesonge vart avslutta i vår, og det siste programmet vart sett av 700.000 menneske.

Venninnegjeng

Det heile starta med at ei venninne fekk spørsmål frå dei som lagar Sofa-programmet om ho hadde ein vennegjeng som kunne vere med.

– Ho er litt skodespelar, ho har vore med i ein sesong av Hotel Cæsar allereie, fortel Viktoria om venninna.

Etter å ha laga ein video for å presentere seg sjølve- der dei sjølvsagt sat i ein sofa- var dei med på prøveinnspeling.

– Då var produsentane så fornøgde at dei ville ha oss med i programmet, fortel Viktoria Gustavson.

I kjellarstova

Attenåringen røper at innspelinga til Sofa skjer i kjellarstova heime hos henne på Nesodden. På rommet hennar sit produsentane og dei som styrer kamera.

– Vi har på oss mikrofon, og det står kamera og lys på kvar side av tv-skjermen. Og så har vi ein høgtalar, der dei kan gje oss «ordrar» frå rommet mitt. Til dømes viss vi bablar for mykje i munnen på kvarandre, ler ho.

Innspelinga går føre seg ein ettermiddag i veka, og det er ikkje uvanleg at dei sit i tre-fire timar og glor på tv.

– Eg har vel aldri sett så mykje på tv som etter at eg vart med i Sofa, fortel Viktoria, som vedgår at ho eigentleg ser mest på seriar på Netflix.

– Det var forresten veldig rart å oppleve at folk skreiv på Twitter om oss som er med i Sofa, seier ho.

Uvisst om ny sesong

Produsent for serien, Sebastian Sandsgaard i produksjonsselskapet Strix, seier det førebels er uklart om NRK vil ha ein femte sesong av Sofa.

– Men viss det kjem ei ny bestilling, vil det vere naturleg å sjekke om venninnegjengen frå Nesodden vil vere med vidare, seier han.

Viktoria er ikkje heilt sikker på kva ho skal svare viss ho får spørsmål om å vere med også til hausten. Rett før innspurten på skulen tok ho seg tid til ein tur til Ulsteinvik. Vikebladet Vestposten møter henne i leilegheita til bestemor Olla Kristensen i Vikegjerde, der det er fint utsyn over bygda.

Til Nesodden

I sommar er det to år sidan Viktoria flytta frå Ulsteinvik til Nesodden utanfor Oslo saman med foreldra og tre yngre søsken. Ho var då akkurat ferdig med ungdomsskulen i Ulsteinvik. No er ho straks ferdig med andre året på Nesodden vidaregåande skole. Og med ei tante i nabolaget på Nesodden og mykje anna slekt i Oslo-området, har ho funne seg godt til rette.

– Eg kan ikkje seie at eg saknar Ulsteinvik, eg likar meg veldig godt på Austlandet, det er på ein måte lettare å vere seg sjølv der. Men eg saknar å gå i fjellet, fortel ho.

På fritida er ho turntrenar to dagar i veka, og då kjem RG-bakgrunnen frå Hødd godt med.

Dialekt

Viktoria Gustavson held godt på dialekta si, sjølv om enkelte ord har vorte bytta ut.

– Det er heilt umogleg å få austlendingar til å forstå kva låkt betyr, så no brukar eg å seie vondt, flirer ho. – Men eg synest sjølv at eg held godt på dialekta mi- sjølv om dei som går i klassa mi av og til seier til meg «Å, kan ikkje du snart byrje å snakke norsk!», fortel ho.

Under innspelingane til Sofa finst det ingen manus, dei fire venninnene i sofaen får snakke heilt fritt. Men dei får ikkje velje kva tv-program dei skal sjå.

– Ein gong måtte vi sjå Filmavisen, då var det like før eg dubba av, vedgår Viktoria.

Framtidsplanar

Til hausten startar ho på siste året på vidaregåande.

– Etter vidaregåande trur eg ganske sikkert at eg kjem til å studere i Oslo, og då gjerne i retning psykologi eller sosiologi, fortel ho.

Kjendis?

På spørsmål om ho no er kjendis, svarer Viktoria:

– Det er ein del som spør om det er eg som er med i Sofa på NRK, ja. Og så får eg ein del blikk frå folk som kanskje ikkje torer å spørje meg kvar dei har sett meg. Men eg har heldigvis ikkje vorte meir forfengeleg. Eg brukar framleis to minutt framfor spegelen, og det er når eg pussar tennene, seier Viktoria Gustavson.