Rådgjevaren frå fylkeskommunen var innom både demografi, sentralisering, sysselsetjing, barnehagedekning og mykje anna då han vitja Ulstein formannskap førre veke.

Stor innpendling til Ulstein

Sysselsettinga fall mykje i Ulstein kommune frå 2015 til 2017. Den siste målinga frå NAV viser at Ulstein kommune har ei arbeidsløyse på 4,6 prosent, Hareid har ei arbeidsløyse på 5 prosent. Men statistikar Jakobsen kunne fortelje at det framleis er langt fleire arbeidsplassar i Ulstein enn det er folk til.

Arbeidsplassdekninga har vore oppe i 127 prosent i Ulstein, men no er ho på 111 prosent.

Det er veldig mange som pendlar til Ulstein frå andre kommunar for å arbeide. Flest er det frå Hareid. I 2016 var det 680 personar som budde i Hareid, men arbeidde i Ulstein. Frå Herøy kom det 449. Frå Ørsta kom det 171 personar, frå Volda 125 personar og 109 frå Ålesund. Det er ei liste med 20 kommunar det kjem pendlande folk inn til Ulstein.

– Tala viser at de er eit regionsenter, sa Jakobsen.

Det er også ein del utpendling frå Ulstein. 386 bur i Ulstein, men arbeider i Hareid. 271 ulsteiningar hadde arbeidsplassen sin i Herøy. 202 arbeidde i Ålesund. 107 arbeidde i Volda, og 80 i Sande. Det er ei lang liste med kommunar som innbyggjarar i Ulstein arbeider i. Det er heile 69 personar som pendlar til Oslo.

– Dei har truleg heimekontor og arbeider nokre dagar i månaden i Oslo, kommenterte Jakobsen.

Eldrebølgje kjem

Medan Ulstein kommune i dag har litt over 1000 personar over 67 år, vil kommunen om 20 år ha dobbelt så mange eldre. Men innbyggjartalet vil ikkje doble seg i same periode, såleis aukar forsørgjarbyrda.

Rekruttering til Ulstein

Jakobsen meiner det er ei myte at «alle flyttar til Oslo». Folk frå Ulstein flyttar til mange ulike kommunar, av ulike årsaker.

Innanlands er det fleire som flyttar ut av Ulstein enn til. Men innvandringa frå utlandet, gjer at folketalet aukar. Med innvandring er det med både flyktningar, arbeidsinnvandrarar og andre som flyttar hit.

Han meinte at om kommunen er ute etter å få fleire til å flytte til Ulstein, bør ein konsentrere seg unge vaksne som har vakse opp i kommunen. Då veit dei kva dei har i vente, og sjansen er større for at dei også blir buande om dei flyttar hit.

Ulstein er ein arbeidsinnvandringskommune. Men industrien trekkjer til seg menn. Kommunen treng også kvinner, og helst kvinner som ønskjer seg born. – Det er no ein gong slik at det er kvinner som får born, sa Jakobsen.

Kommunen kan også prøve å lokke til seg småbarnsforeldre, før borna byrjar på skule. Og er det nokon som vil flytte hit, bør kommunen ha barnehageplass å tilby dei, tipsa han.

Offentlege arbeidsplassar

Pål Grødahl (Venstre) kommenterte at demografien varierer med talet på arbeidsplassar. Han meiner at det må kome offentlege arbeidsplassar til Ulstein eller nabokommunane, også for å utlikne kjønskilnadene. Utdanningsinstitusjon hjelp også å få hit. Det er naturleg at ungdom flyttar ut for å studere, anten det er i Bergen eller Oslo. Så får dei kanskje tilbod om jobb og etablerer seg der.

Ordførar Knut Erik Engh syntest det var veldig interessant og nyttig å få denne innføringa.

– Kvardagen vår er styrt av einskildsaker, det er viktig å sjå det store biletet, takka Engh.