Etter eige ønskje slutta Rakel Dyrhaug som dagleg leiar i Hareid Næringsforum 31. desember 2016. At styret sidan har vore utan dagleg leiar er hovudårsaka til at det i år ikkje blir «Opplev Hareid», eit arrangement som har blitt gjennomført i ni år på rad. Utan dagleg leiar har styret vore nøydde til å bruke ein del av tida i 2017 til å justere finansieringsmodellen.

– Rakel Dyrhaug har gjort ein flott jobb som dagleg leiar, og ho har fungert som eit særs god bindeledd mellom næringslivet, Hareid kommune og fylket i alle dei åra ho har jobba i Hareid Næringsforum, heiter det i årsmeldinga for 2016.

I dialog med Hareid kommune

På slutten av 2016 hadde styret samtalar med Hareid kommune for å prøve å få til ei betre finansiering til ei ny 100 prosent-stilling som dagleg leiar for Hareid Næringsforum. Målet var å kome inn på budsjettet til kommunen, men dette viste seg å bli vanskeleg.

– Styret er framleis i dialog med Hareid kommune om eit direkte tilskot for å sikre vidare drift av Hareid Næringsforum. Styret meiner det er behov for 400.000 kroner i fast tilskot, i tillegg til dei 400.000 kroner som kjem inn i medlemskontingent.

Nytt styre

Geir Eilertsen, Stian Garnes, Idar Flø, Bjørn Teigene, Håvard Myrene, Sigrid Jønsson og Melinda Skeide vart på årsmøtet valt til nytt styre. Nokre av styremedlemene er på reisefot, og det er bestemt at dei skal konstituere seg 21. juni. På dette møtet blir også leiaren valt.

Anders Lillebø var styreleiar i 2016, men ønskte å gå ut av styret. I fjor vart det halde åtte styremøte og 39 saker vart handsama. Hareid Næringsforum hadde i fjor møte med fleire bedrifter, og har også vore med rådmannen rundt på bedriftsbesøk og omvisingar. Industriområda på Raffelneset, Myrane og Risneset har hatt fokus, og styret har blant mykje anna engasjert seg i samferdselsproblematikken på strekninga Hareid–Sulesund.

Rakel Dyrhaug Foto: Ingvild Aursøy Måseide