Norkart har på oppdrag frå Ulstein kommune gjort ei analyse om innføring av eigedomsskatt i Ulstein kommune.

Eigedomsskatt er ein kommunal skatt, der inntektene i sin heilskap går til kommunen. Verdsetjing/taksering av eigedomane blir gjort av ei sakkyndig nemnd som skal finne ein antatt marknadsverdig på alle eigedomane. I utgangspunktet skal taksten som blir vedtatt stå fast i ti år, om det ikkje blir gjort vesentlege endringar på eigedomen (til dømes tilbygg), skriv Norkart.

Men kommunen kan også bestemme seg for å bruke skatteetaten sin Formuesgrunnlag på boliger. Då vil kommunen årleg motta nye verdiar justert etter prisstigning.

Rolla til kommunestyret

Norkart skriv at kommunestyret har få og viktige oppgåver omkring eigedomsskatt. Det er kommunestyret som eventuelt vedtar å innføre eigedomsskatt. Det er dei som bestemmer nedslagsfeltet og kva eigedomsskatten skal liggje på.

Berre på bustad og fritid

Norkart har forstått det som Ulstein ønskjer eigedomsskatt i heile kommunen, og berre på bustader og fritidshus (hytter).

Kommunestyret må også velje medlemer til ei takstnemnd og klagenemnd. Her bør det sitje folk som kjenner kommunen godt, og som har kapasitet til å setje seg inn i faget eigedomsskatt og forstå rolla som nemnda har i takseringa.

Kvart år skal kommunestyret vedta skattesatsen (promillesatsen). Skattesatsen skal liggje mellom 2 og 7 promille. Første året må det vere 2 promille, deretter kan han stige.

Kommunestyret kan vedta å innføre eit botnfrådrag som kjem som eit fast frådrag på taksten, før skatten blir rekna ut.

I rapporten er det også rita opp ein del fritak kommunen kan gjere frå eigedomsskatt, om dei innfører denne skatten.

Kor mykje kan Ulstein få inn?

Norkart har gjort nokre estimat kva Ulstein kommune kan få inn ved å innføre eigedomsskatt. Om Ulstein innfører eigedomsskatt med skattesats på 2 promille, og ingen botnfrådrag, kan kommunen få ut 13,22 millionar kroner. Med eit botfrådrag på 500 000 får kommunen ut 9,6 millionar. Om ein legg botnfrådraget på 1 million, får kommunen 6,28 millionar.

Kommunen kan innføre fritak for nybygg. Om kommunen til dømes innfører 5 års fritak vil kommunen få eit estimert inntektstap 1,97 millionar.

Om kommunen innfører eigedomsskatt med skattesats på 7 promille, og ingen botnfrådrag, kan kommunen få inn 46,27 millionar i året.

Rapporten blir lagt fram i Ulstein kommunestyre som orienteringssak, ikkje som noko som skal vedtakast i denne omgang.