Rådmannen har foreslått at Ulstein kommune underteiknar ein avtale med Rome der kommunen leiger parkeringsplassar i eit parkeringsanlegg, i tilknyting til nye bustader dei skal føre opp i Bjørndalsvegen.

For 1,7 millionar kroner i året får kommunen leige 95 parkeringsplassar. I tillegg til utgifter til vedlikehald, som straum, reinhald og ventilasjon. Avtalen blir inngått når seksjonen er ferdigstilt og klar til bruk, (truleg årsskiftet 2018/19) med ei tidsramme på 10 år, og opsjon på 5 pluss 5 år.

Men då saka var oppe i Ulstein formannskap gav Venstre-representant Pål Grødahl klart uttrykk for at han ikkje syntest dette var ei god løysing. Det er ikkje ein god bruk av kommunale midlar, meinte han. Men berre Knut Kleiven (Høgre) var samde med han, så han nådde ikkje fram.

I morgon, torsdag, skal saka opp i kommunestyret. Til då har han utarbeidd eit nytt framlegg. Ulstein Venstre foreslår at kommunen heller bruker pengar på å kjøpe bustader i bustadkomplekset, så kan kommunen nytte bustadene til omsorgsbustader. Dei har ikkje klar ein sum dei meiner kommunen skal bruke til dette, eller tal på kor mange bustader kommunen skal kjøpe, men ber administrasjonen kome tilbake med ei sak om dette.

- Dei held seg sikkert til ei liknande investeringsramme som dei har foreslått no, men då har me som kommune noko me eig sjølv, og me har ei sikker inntekt i husleige frå våre eigne brukarar. Mindre risiko for kommunen, og me eig sjølv noko, seier Grødahl til Vikebladet Vestposten. Og han viser til at det er ei lovpålagt oppgåve jamfør Sjukeheimslov.

Og gjennom framlegget hans støttar ein utbyggar.

Han håpar at kommunestyret kan støtte framlegget frå Venstre.