Også ordførar Knut Erik Engh (biletet) blir å treffe, og han opnar ballet med eit lite innlegg til dei frammøtte. Men sjølvsagt, før den tid er det klart for EU-sjekk av rullatorar og rullestolar.

Det blir også naturhelsestudio på staden, før det er klart for Ulsteinvik sitt første rullatorløp, det Mariette Gjerde i helse- og omsorgsetaten beskriv som ein sosial og munter trimaktivitet på tvers av kulturar og generasjonar.

- Drikkestasjonar undervegs

Etter ei felles oppvarming startar Rollatørløpet 2017 med start og mål mellom avdeling G og naturhelsestudioet. Løpet går så rundt sjukeheimen, og ein kan velje anten kort eller lang løype.

- Så blir det sjølvsagt drikkestasjonar undervegs, seier Mariette Gjerde.

Etter løpet er det klart for Seniordansarane.