Protesterer på "Dimnakrysset"

– Dimna vert gjort til fellesnamn på alt nedanfor vegen.

Andreas Ringstad reagerer sterkt på at Ulstein kommune vil kalle "Hasundkrysset" for "Dimnakrysset". Han har sendt brev til teknisk etat for å protestere på namnesetjinga.

Han skriv at han vender seg til kommunen på vegner av mange innbyggjarar på Hasund og Sundgot. – Krysset ligg trygt plassert på eitt av bruka på hasund, og namnet Hasundkrysset vil geografisk stafeste både krysset og bygda, argumenterer han.

Uheldig Dimna-skilt

Ringstad likar dårleg skiltet det står Dimna på, som er plassert ved fylkesvegen. - Dimna vert gjort til fellesnmna for alt nedanfor vegen, har forvirringa blitt total, spesielt for nyleg tilflytta folk. Hasundhornet har blitt kalla Dimnafjellet, Botnen innanfor Garshol har blitt kalla Dimna, og det same med nabogarden her "Hasundgjerdet", skriv han.

Ringstad synest lokale namn bør vere mest mogleg sjølvforklarande og vere ein reiskap for kjende og ukjende både i nærmiljøet og elles. Han håpar Ulstein kommune ikkje bestemmer seg for å vedta at "Hasundkrysset" skal heite "Dimnakrysset". 

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten: