Det var ein vanleg onsdag for kvigene på Flø. Duskregnet var i ferd med å gå over i regn. Flø-lukta reiv i nasen og bakom skodda kunne ein så vidt skimte Godøya. Frå ein grå turistbuss strena dei rett over grasmarka og stoppa ved grinda. Det er russiske turoperatørane som snusar på nye reisemål.

– Du skjønar, det er ikkje vanleg å sjå kyr ved sjøen i Russland, seier ei av dei medan ho ivrig knipsar bilde med mobilen. Dyra let ikkje seg rive heilt med, men er nyfikne nok til å kome nesten bort til grinda for å kike nærare på det internasjonale besøket.

Ramil Miftakhov riv laus nokre grasstrå og prøver å lokke kvigene endå nærare. Han er president i Tatarstan Republic Tourism Agencies Association, som ifølgje han ligg «like utanfor Moskva».

– Vel, det er 800 kilometer frå Moskva til Tatarstan, ler ei av dei andre i følgjet.

Det er Destinasjon Ålesund og Sunnmøre som arrangerer besøket, i samarbeid med Fjord Norge og Innovasjon Norge. Medan nokre reiste på tur med rib-båt, vart resten bussa til Flø.

– Vi har jobba ganske lenge for å få til eit slikt opplegg, fortel Madeleine Pettersson, som er reisemarknadskoordinator i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre. Ho fortel at det var leiande turoperatørar frå Kasaksthan, St. Petersburg og Moskva som var med.

– Vi ville gjerne vise alt det fine som er i medlemskommunane våre, det er mange skjulte perler. Og så ville vi vise at Sunnmøre er lett tilgjengeleg, seier Pettersson.

Jostein Flø eig kvigene som vart gjenstand for åtgaum denne onsdagen. Dei er drektige og skal kalve i september, fortel han. Namnlause er dei også:

– Namn må dei gjere seg fortent til. Det får dei først når dei har kalva, nemleg.

Dei russiske gjestene var også innom Hjørundfjorden og Ålesund, og har ifølgje Madeleine Pettersson allereie bestilt hotellplassar på Sæbø, i Ørsta og Ulsteinvik i år.

– Dei fall for norsk mat, natur, fjord og fiske, seier ho

Det var ein heilt vanleg onsdag som vart litt mindre vanleg for kvigene på Flø. Det russiske følget forsvann like fort som det dukka opp. Duskregnet hadde gått over til regn og Flø-lukta reiv framleis i nasen. På dei russiske mobilane ligg bilde som kanskje dukkar opp i turistbrosjyrar i Russland. Bilde av kvigene på Flø.

Det regna då russarane var på Flø onsdag. Madeleine Pettersson i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre fortalde om Flø og området rundt. Foto: Linda Eikrem
Kviger ved sjøen: Det er uvanleg å sjå kyr beite ved sjøen i Russland, fortalde desse turoperatørane. Foto: Linda Eikrem