Odd Magne og kona kunne nyleg feire 60 års bryllaupsdag, og begge får framleis bu heime. Vi møter han i heimen hans i Prost Ankers gate i Ulsteinvik. Med fantastisk utsikt over Ulsteinvik viser Odd Magne og kona Asbjørg Gjerdsbakk Brune fram nokre av øvingane han har fått i oppgåve å gjere.

– Dette er effektivt skjønar du. Eg kjenner det godt, og det er bra, seier Brune til Vikebladet Vestposten.

Råka av utfordrande skade

Saman med lokalavisa under dette besøket var to av damene som har betydd mykje for Odd Magne sin veg tilbake frå ein tøff skade, ergoterapeut og leiar for kvardagsrehabiliteringsteamet i Ulstein kommune, Mariette Gjerde, og kommunefysioterapeut Stina Jakobsen.

Skaden Odd Magne Brune pådrog seg var av det svært utfordrande slaget. Lårbeinet hans var nærmast rivna på langs.

– Det var nok litt ungdommeleg overmot, sa Odd Magne flirande, og såg bort på kona.

Då kontra Asbjørg;

– Det var nok heller ditt gode hjarte.

Skulle fakke ein ball

Han var nemleg i ferd med å gå forbi ein ballbinge på sin tur heim ein dag, då han passerte mellom barneskulen og ungdomsskulen i Ulsteinvik. Borna som spelte fotball der sparka ballen ut av bingen, og då dei såg Odd Magne kome gåande oppover, spurde dei han om han kunne tenkje seg å gi dei den.

– Eg burde nok ha fakka den med henda, men sparka den i staden. Då datt eg baklengs, og slo meg kraftig, seier han.

Borna ropte og skreik, og fekk henta lærarar. Dei fekk Odd Magne i ein bil, og køyrde han til legevakta. Der blei det raskt bestemt at neste destinasjon var Volda, og der skulle han bli operert.

– Eg fekk telefon frå læraren til borna i ettertid, og blei fortalt at dei lurte på korleis det gjekk med meg. Dei kom på besøk og fekk sjå korleis eg hadde det, og det var kjekt. Det heile var jo berre eit uhell, noko eg passa på å fortelje dei, fortel Brune og legg til:

– Eg hugsar også kva legen som opererte meg sa til meg. Han sa at neste gong eg skulle sparke fotball, måtte eg finne meg eit mjukare underlag.

Kvardagsrehabilitering

Lårbeinet blei skrudd saman, og Odd Magne kan gå godt igjen i dag, mykje takka vere Ulstein kommune og tilbodet om kvardagsrehabilitering. Etter operasjonen var neste destinasjon Alvehaugen bu- og rehabiliteringssenter. Der byrja kommunefysioterapeut Stina Jakobsen å jobbe med Odd Magne. Han fekk så tilbodet om å få bli med på programmet for kvardagsrehabilitering, noko han gladeleg takka ja til.

– Han fekk spørsmålet om kva som var viktig for han, og sette seg mål ut ifrå det, fortel ergoterapeut og leiar for kvardagsrehabiliteringsteamet i kommunen, Mariette Gjerde.

Odd Magne kom fram til at han ønskte å dusje sjølv, gå i trapper, handle mat og å kunne gå turar igjen.

– Eg sette meg desse måla fordi eg ønskte å vere heime med kona mi, og fordi det skulle gå framover, ikkje bakover.

God støttespelar i kona

Kommunefysioterapeuten fortel at øvingane Odd Magne gjer er spesielt tilrettelagt for han og hans ønskjer.

– Det er veldig gledeleg å sjå at Odd Magne held fram med øvingane heime, og at han gjer dei rett. Og så har han ein viktig støttespelar i Asbjørg. Vi har nok lagt godt til rette for at Odd Magne skulle få kome i gong igjen slik han har gjort, men Asbjørg har vore heilt uvurderleg, seier Stina Jakobsen.

– Nesten som ein personleg trenar, sa Asbjørg spøkjefullt.

Ho fortel at ho sjølv også har fått mykje ut av hjelpa Odd Magne har fått.

– Poenget med kvardagsrehabilitering er at ein gjennom ein kortvarig, intensiv opptreningsperiode skal få verktøya ein treng for å kunne nå måla ein set seg. Når ein søkjer på kvardagsrehabilitering får ein innvilga fire veker fyrst, med ei moglegheit for forlenging, seier Mariette Gjerde.

– Dette har blitt til eit veldig godt samarbeid mellom fysioterapeuten, ergoterapeuten og heimetenesta, seier Stina Jakobsen.

– Eg er så uendeleg takksam, seier Odd Magne Brune til slutt.