Det er måndag morgon på Hareid ungdomsskule. Sommareferien nærmar seg, men det er framleis nokre skuledagar igjen. Lokalavisa har avtale med 27 år gamle Moustafa Abdulkader, som kvar måndag denne våren har hatt språkpraksis på skulen.

– Moustafa måtte hjelpe til i ein mattetime, eg skal hente han, seier rektor Siv-Marit Røyset Kaldhol.

Vil gripe sjansen

Palestinaren frå Syria fekk opphald i Noreg i desember i fjor. Like etterpå fekk han tildelt Hareid som bustadskommune. Som ein del av norskopplæringa, i det som vert kalla Introduksjonsprogrammet, øver han seg no på norsk saman med lærarar og elevar.

- Dette er veldig kjekt, eg må bruke denne sjansen til å lære meir norsk, seier Moustafa då han kjem ut av klasseromet.

Vi slår følgje inn på kunst- og handverkromet, der 27-åringen skal ha neste time saman med åttandeklassingane.

– Elevane er veldig snille, men dei snakkar veldig fort, seier Moustafa, som fortel at det er litt kinkig å halde styr på bokmål, nynorsk og dialekt.

Asylmottak

Før han kom til Hareid, budde han på asylmottak i Trysil, Hønefoss og Ålesund. Han gjekk på norskkurs i Ålesund, men fortel at han ikkje klarte å konsentrere seg fordi han venta på avgjerd om opphald. No bur han i leilegheit i Skolgemyrane.

– Eg trivast veldig godt. Her på skulen lærer eg ikkje berre norsk, men også om norsk arbeidsliv og utdanningssystem, fortel han. Resten av veka går han på kurs på Ressurssenteret på Hareid.

Elevane kjem inn i klasseromet og leitar fram sitjeunderlaga dei har tova. Også Moustafa måtte til pers og lage sitt eige.

- No held eg på å lære meg å strikke, ler han, og legg til at det slett ikkje er vanleg at gutar og menn driv med handarbeid i heimlandet Syria. Han har også lagt merke til at det er stor skilnad mellom skulesystemet i Noreg og Syria:

– I Syria er elevane redde lærarane, her i Noreg er det meir gjensidig respekt.

Rundt bordet i kunst- og handverksklassa er elevane samde om at det er «heilt greit» å ha Moustafa som ekstralærar.

Vil ta imot fleire

Rektor på Hareid ungdomsskule, Siv-Marit Røyset Kaldhol, angrar ikkje på at ho sa ja til å ta inn Moustafa i språkpraksis.

– Han fungerer veldig bra her på skulen. Han har kome opp på eit høgt nivå i norsk, han er til dømes aktivt med på pauseromet og noterer ned ord, fortel Kaldhol. Ho trur Hareid ungdomsskule kjem til å ta inn fleire flyktningar i språkpraksis i tida framover.

– Eg trur bedriftene som seier nei ikkje heilt forstår kva ressurs flyktningane er, seier ho, og understrekar at det er viktig at flyktningane er synlege, sidan dei skal bli ein del av samfunnet vårt.

Syria

Moustafa Abdulkader har utdanning innan økonomi og marknadsføring frå heimlandet. Den høgreiste palestinaren vert alvorleg når vi spør om Syria.

– Foreldra mine og systera mi på seksten år bur framleis der, seier han. Han snakkar ofte med dei på telefon, fortel han. Han håper å få halde fram med språkpraksis på ein arbeidsplass etter sommaren.

– No må eg berre sjå framover, for eg er heldigvis ein heldiggris som har fått denne sjansen, seier 27-åringen.

Moustafa Abdulkader fekk opphaldsløyve i Noreg i desember i fjor. Sidan påske har han hatt språkpraksis på Hareid ungdomsskule. Foto: Linda Eikrem
– Flyktningane er ein ressurs. Det bør også andre arbeidsplassar innsjå og ta inn folk i språkpraksis, seier rektor ved Hareid ungdomsskule, Siv-Marit Røyset Kaldhol. Foto: Linda Eikrem