I dag er det distriktsmeisterskap i blomsterdekorering, og meisterskapen er lagt til Ulsteinvik! I eit telt på Kulturalmenningen konkurrere blomsterdekorartørar om å bli distriktsmeister. Den som vinn får reise vidare til NM.

Dei får to oppgåver som dei løyser på ein og ein halv time. Dei er i gang med den andre konkurransen no. Publikum er velkomne til å kome å sjå, så lenge dei ikkje forstyrrer deltakarane.

Det er med tre lokale utøvarar: Mayleen Dimmen, Esther Helene Ose og Ina Marie Sæter.

Utanfor teltet er det tombola med flotte blomstervinstar. Elevar frå blomsterlinja i Ørsta sit og lagar nydelege dekorasjonar som blir lodda ut. Så om du kjøper lodd kan du hende du får med deg fine blomstrar til å pynte til helga med.