Egil Ulfstein (Høgre) meinte der er flust av parkeringsplassar i Ulsteinvik, og kunne ikkje forstå kvifor innbyggjarane i kommunen skal bruke pengar på å leige parkeringsplassar, for å finansiere prosjektet til Rome. Men fleirtalet i kommunestyret meinte dette var rett bruk av pengar.

Det vart ein lang debatt i Ulstein kommunestyre torsdagskvelden om kommunen skal inngå leigeavtale med Rome. For 1,7 millionar i året skal dei få leige 95 overdekte parkeringsplassar i det nye bustadkomplekset dei skal føre opp i Bjørndalsvegen.

Fleire partigrupper var splitta i synet på kva som var rett i denne saka.

Mange sa at dei meinte det var eit flott prosjekt. Det nye bygget vil gjere seg i Ulsteinvik sentrum, og det er flott med bustader som er med å skape aktivitet i sentrum. Men er det rett av kommunen å bruke kommunale midlar til dette?

– Ei tragedie

Ordførar Knut Erik Engh skulle gjerne sett at kommunen fekk eige i staden for å leige, men slik gjekk det ikkje denne gongen. Han meinte det var god samfunnsplanlegging å få desse bustadene i sentrum. Her kan dei eldre bu sentralt, og bu heime lenger. Tettstadanalysa har vist at Ulstein bør byggje 50 nye bustader i sentrum i året, og her er ikkje flust med parkeringsplassar, så det er bra å få hand om desse parkeringsplassane, meinte han.

– Viss me seier nei no kan det vere at utbyggjar ikkje vil byggje, eventuelt byggjer eit anna hus, utan parkeringsanlegg, og det ville vore ei tragedie, sa han og meinte det var viktig at kommunen no ikkje gjer noko som øydelegg for prosjektet.

Kommunen bør heller få ned dei årlege kostnadene ved å forlenge avtalen, foreslo han.

Det kunne også vere aktuelt at kommunen dannar eit eige aksjeselskap, for på den måten få høve til å kjøpe parkeringsplassane.

– Ikkje rett å finansiere Rome

Egil Ulfstein hevda at Ulstein kommune har haugevis med parkeringsplassar. – Det er vel og bra med mange parkeringsplassar, men når du veit at vel halvparten står tomme, er det i mine auge ikkje behov for fleire kommunale parkeringsplassar.

Høgrerepresentanten vil ikkje innføre parkeringsavgift. Skal kommunen få inn inntekter på å leige ut parkeringsplassane, må dei som leiger vere villige til å betale.

– Kvifor skal kommunen leige parkeringsplassar? Er det slik å forstå at kommunen skal vere med å finansiere prosjektet til Rome? Kvifor skal innbyggjarane i Ulstein gjere det? Kvifor skal kommunen vere utleigar, og ta risikoen det inneber? Det står ingenting i saksdokumenta som tyder på at kommunen har leigetakarar som vil betale inn desse kostnadene.

Ulfstein meite at med driftsutgiftene vil parkeringsplassane fort kosta to millionar i året.

Han var samd i at det er eit kjempeprosjekt frå Rome, men vil ikkje sende rekninga til innbyggjarane i kommunen.

Verdi i samfunnsutvikling

Renathe Rossi-Kaldhol (Ap) gav honnør til ordføraren for at han står på og finn gode løysingar. Ho meinte prosjektet vil føre til ein meirverdi for ulsteinsamfunnet, såleis for Ulstein noko igjen.

Ivar Mork frå same parti meinte at å leige eller eige berre er eit verktøy. Kommunen si oppgåve er å yte tenester og vere samfunnsutviklar. Sistnemnde er dei her ved å leige p-plassar. Det er ikkje første gongen kommunen bidreg for å få samfunnsutvikling.

Debatten varte i nesten to timar, med gruppemøte.

Det ende med at kommunestyret vedtok at dei er positive til å inngå ein leigeavtale på leige av parkeringsanlegget. Dei ber om at kommunen går i forhandlingar for å redusere årlege kostnader. Dei opna for framleige, for å redusere kostnadene til kommunen. Og dei ønskjer å finne ut om det er mogleg å etablere eit AS som skal ha som formål å eige og forvalte denne type parkeringsplassar i sentrum.