(Foto: Reidulf Botn)

Foto: Reidulf Botn

Ulukke i Kvalnestunnelen

Tunnelen er stengt.

Like før klokka to i dag skjedde det ei trafikkulukke i Kvalnestunnelen. Vitne på staden fortel til lokalavisa at ein personbil køyrde inn i bakre del av eit vogntog før han krasja inn i tunnelveggen. Det skal vere tre bilar involvert i ulukka (eit vogntog og to personbilar).

Politiet melder om at fleire personar er skadde. Ei person var fastklemt, men brannvesenet har no frigjort den fastklemte personen.

Alle naudetatar har rykka ut. Det er observert helikopter i nærleiken.

Tunnelen er stengt

Tunnelen er stengt for gjennomkøyring. Trafikken står på båe sider av tunnelen. Ein del bilistar køyrer rundt, over Fjelle.

Klokka 14.34 skreiv politiet på twitter at det vil bli omkøyring for små køyretøy rundt tunnelen. Tyngre køyretøy må køyre via E39, Festøy.

Ventar på Statens vegvesen

Klokka ti på fire seier Operasjonssentralen til Vikebladet Vestposten at to personar er frakta til sjukehuset i Ålesund. Dei kan ikkje seie noko om tilstanden til dei to.

Tunnelen er framleis stengt. Dei ventar på Statens vegvesen.

- Det vil nok gå ein time eller to før tunnelen er open igjen, seier operasjonsleiar, men legg til at personbilar kan køyre rundt Kvalneset.

Går bra med dei

Sunnmørsposten skriv at Helse Møre og Romsdal opplyste laurdag ettermiddag at det var ei kvinne i femti-åra og ei kvinne i tjue-åra som vart frakta til sjukehuset. Tilstanden til båe er stabil, og dei ser ut til å ha kome frå det med lettare skadar.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten:
 

Mobbesaka i lagmannsretten:

Oktober-billettane vart fort rivne vekk

Nytt føredrag i februar

Siv Jensen, Sylvi Listhaug og Jon Georg Dale samanlikna formuesskatten med friidrett:

- Som å starte 40 meter bak konkurrentane

Verdsmeisteren stod på stand for Jets:

Ingrid og Astri fekk møte sin store helt

Klima- og miljøvernministeren om Jets:

- Har mykje å bidra med