– Bør i tillegg ha mobil legevakt

Helse Møre og Romsdal har gitt svar på kva dei meiner er beste modellen for legevaktsamarbeid på Søre Sunnmøre.

Prosjektgruppa for omorganisering av legevaktordninga på Søre Sunnmøre bad i vår helseføretaket om innspel på kva modell dei bør arbeide vidare med. Dei såg for seg fleire ulike modellar for organiseringa av kvelds- og helgelegevakta i regionen.

Helse Møre og Romsdal svarer at alle modellar vil krevje ambulansestasjon i Volda/Ørsta. Stasjonen må leigast, ikkje byggje sjølv. Denne stasjonen ønskjer dei er samlokalisert med helse/annan naudetat. Dei har bestilt ei ny analyse som vil vurdere kvar ambulansestasjonen bør liggje.

Legevaktlege bør kunne rykke ut uavhengig av ambulansetenesta, skriv helseføretaket. Dei meiner også at val av modell må inkludere nattlegevakta. Det bør i tillegg etablerast legevakt som er mobil, slik alle alternativa beskriv.

Den modellen dei har mest sansen for er modell A, der ein base på kvar side av Eiksundsambandet. Det blir ein hovudbase med to legar (lokalisert same stad som nattlegevakt) og ein satellittbase med ein lege.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten: