Under overskrifta "Norwegian teens celebrate a bizarre month-long holiday full of drinking, sex and wild dares - here's what it's like" freistar den britiske storavisa The Independent å gi lesarane sine eit lite innblikk i korleis den norske russefeiringa artar seg.

Mellom bileta som illustrerer artikkelen om denne bisarre månadslange ferien fylt av drikking, sex og ville utfordringar dukkar det også opp eit utsnitt frå borgartoget i Ulsteinvik, nærare bestemt russebilkortesjen på veg forbi Saunes.

"Gløym "American Pai"-filmane. Ungdom kan lære ein ting eller to om festing av sine norske motstykke" heiter det i innleiinga av artikkelen.

- I amerikanske filmar får vi inntrykk av at dei er så galne. Men vi har den sprøaste feiringa her i Noreg, seier russepresidenten Fredrik Helgesen, følgje nyhendebyrået Associated Press.

Lesarane får deretter vite litt om både russebukser, russebussar og knutereglar.

For å illustrere artikkelen har avisa nytta bilete frå Instagram - og då mellom anna eit frå Saunes som ingers1971 posta 17. mai i år