Ein ettermiddag i april, kom ei kvinne køyrande gjennom tettbygd strøk der fartsgrensa var 50 km/t. Men tilfellet ville at politiet gjennomførte fartskontroll, og farta på bilen vart målt til 97 km/t.

Då saka mot kvinna var oppe i Sunmøre tingrett sa ho seg ikkje skuldig etter tiltalen.

Aktor la ned påstand om at straffa skulle bli på 16 dagars fengsel, og tap av førarkort i 13 månader.

To politibetjentar var vitne og fortalde om rask køyring. Det same gjorde lasermålaren. Mange bilar vart kontrollete den dagen, og ingen andre hadde påstått av lasermålaren viste feil resultat.

Ved ei fartsgrense på 50 km/t går grensa for samfunnsstraff i følgje retningslinjene ved eit fartslovbrot på 95 km/t, og fengsel når farta er komen opp i 96 km/t.

I utgangspunktet skulle derfor straffa bli på fengsel.

Retten meiner det er alvorleg at ho har køyrd på ein veg i tettbygd strøk med svært høg fart på dagtid, og dei ser ingen spesielt formildande omstende i saka.

Men fleirtalet, meddommarane, kom til at rett reaksjon var samfunnsstraff. Både fordi dei meiner samfunnsstraff vil vere ein tilstrekkeleg følbar reaksjon, og av omsyn til personlege forhold hos kvinna.

Straffa vart dermed på samfunnsstraff i 30 dagar, med ei gjennomføringstid på 120 dagar.

Ho blir utan førarkort i 13 månader, og må betale 2000 kroner i sakskostnader.