For kort tid sidan var Riise kjentmann då folk frå Statens vegvesen såg på trafikktilhøva langs fylkesveg 61 i området der eit av kryssa går mot Holstad/Gjerde-feltet, og det andre krysset mot Hareidsmyrane industriområde.

Riise fortel at det no er to aktørar som ønskjer at det skal opnast opp for detaljhandel i Hareidsmyrane.

Påkøyrsler bakfrå

Opp gjennom åra har det skjedd mange ulykker i dette området. Bilar som kjem i retning frå Ulsteinvik og som skal ta av til Holstad/Gjerde, må ofte stoppe opp for å få klar bane frå bilar som kjem frå Hareid sentrum, og blir då påkøyrde bakfrå.

Mange mjuke trafikantar

– Men eit kanskje endå større problem er mjuke trafikantar. Både idrettshallen og ungdomsskulen ligg i Hareidsmyrane, og der er mykje aktivitet på ettermiddag- og kveldstid. Born og ungdomar frå Holstad/Gjerde vel altfor ofte å ta snarvegen over fylkesvegen, i staden for å ta vegen om undergangen på Rima. Dei er svært sårbare, for bilane kjem tett på fylkesvegen, kommenterer Anders Riise.

Hareid kommune har ein godkjend reguleringsplan med rundkøyring i dette området, men no er det altså snakk om å utvide planen med undergang i tillegg.

For å få bygt ei tryggare løysing i området, må rundkøyring og undergang inn på investeringsprogrammet til Møre og Romsdal fylkeskommune. Under fylkestinget i førre veke vart trafikktryggingssakene utsett til fylkestingsmøtet i oktober.

– Det er sjølvsagt mange som vil kome på prioritert plass. Men det som skil tilhøva langs fylkesvegen på Hareid frå mange av dei andre prosjekta, er at det på Hareid er så mange born og ungdomar som kryssar vegen, meiner ordførar Riise.

Både Hasundkrysset og sikring av krysset i Saunesmarka er blant |prosjekta som håper på midlar.

Mjuke trafikantar: Ordførar Riise meiner at omsynet til dei mange mjuke trafikantane må gjere at sikring av «Dybhavnkrysset» kjem høgt opp på fylket si trafikktryggingsliste. Foto: Anne Gry Eilertsen