– Eg hadde ingen mistanke, så dette var fantastisk hyggeleg, seier Ertesvåg nokre dagar etter utdelinga.   Han fekk prisen under jubileumskonserten på kulturhuset Sjøborg laurdag.

Ertesvåg fortel at han starta heilt tilfeldig med gitar.

– Då eg var rundt 15 år, braut ein kompis foten. Han fekk gitar for at han skulle ha noko å gjere på. For å halde han med lag, fekk eg også gitar.

Dermed starta eit livslangt forhold, no går det ikkje ein dag utan at Ertesvåg spelar gitar.

– Eg har berre spelt og hatt det kjekt, eg, seier Ertesvåg.

Prisen er på til saman 20.000 kroner frå Nordea, Sparebanken Møre og Ulstein kommune.

Og grungjevinga ser slik ut:

Kulturprisen i Ulstein 2016 vert tildelt Rune Ertesvåg, for sitt musikalske engasjement i kulturlivet i Ulstein gjennom snart 50 år.

Rune er ein framifrå gitarist og ein pådrivar i ulike samanhengar.

Det musikalske engasjementet spenner frå Dusty Track og Alice på 70-talet, til dagens Ulstein Storband, Uberjam, Jazz & Coral eller eit samansett band i kyrkja.

Rune Ertesvåg er ein berebjelke i lokalkulturen og ein verdig vinnar av kulturprisen i Ulstein 2016.