Same dag som Ulstein Group markerer sitt 100-årsjubileum med ein stor konsert for bygdefolket, 2. september, går Ulsteinmessa av stabelen. Den fyrste messa av sitt slag i Ulstein – i alle fall i moderne tid.

– Vi har i samarbeid med Ulstein funne fram til at vi kan gjere kvarandre gode. Vi har fått Rolls-Royce med på laget også, og får nytte parkeringsplassen deira til Ulsteinmessa. Det blir midt i smørauget på veg utover mot Ulstein Verft, fortel Cato Voldsund til Vikebladet Vestposten.

Konserten Ulstein Group skjenkar bygdefolket i samband med jubileet varar i to timar på sein ettermiddag denne dagen.

– Då har vi gjort det slik at messa opnar for publikum før på dag, og så kan den som ønskjer det dra ut på Ulstein Verft på konsert, for så å kome tilbake etter konserten og få kjøpe seg pølser og burger på veg innover igjen, seier Voldsund.

70 bilmodellar

Saman med eit knippe av dei andre «Nyekyrkjekarane», som arrangørgruppa kallar seg, ønskjer Voldsund å skape noko litt annleis.

Lars Erling Bjåstad Hovlid fortel at arrangørgruppa ønskjer ei messe der ein både kan generere midlar til bygging av ny kyrkje og skape ein innhaldsrik aktivitetsdag for små og store.

– Vi har så langt sikra oss avtalar med ei rekkje billeverandørar, og kunne heilt sikkert fått endå fleire avtalar, hadde vi hatt meir plass, seier Bjåstad Hovlid.

«Nyekyrkjekarane» fortel til lokalavisa at det vil bli stilt ut 70 ulike bilmodellar under messa, frå ulike leverandørar. I tillegg blir det fleire motorsyklar som blir stilte ut.

– Vi har også andre veldig interessante utstillarar. Dette blir ei messe med noko for ein kvar smak, seier Lars Erling Bjåstad Hovlid og legg til:

– Det blir ei messe for alle, men denne gongen blir det mest fokus på bil og motorsykkel.

Mange aktivitetar

Målet er også å ha mange ulike typar aktivitetar i løpet av denne messedagen.

– Vi skal ha ein kjempestor tombola, tidenes heftigaste auksjon, helikopterturar og Bass Brothers kjem med sitt enorme bilanlegg. Og så blir det bildropp frå ei kran! Dette blir heftige saker, seier Magne Grimstad jr.

Eigentleg var det tenkt å ha arrangementet oppe ved hallen der Brødrene Dahls og sist Ahlsell heldt til, men etter ei vurdering blei det altså flytta til parkeringsplassen ved Rolls-Royce.

– Det blir som sagt mykje bil. Tesla kjem med nye modellar, Porsche kjem med gromme doningar og Harley-Davidson kjem med feite motorsyklar. Her blir det motor, gromlyd og testosteron, fortel gjengen.

«Nyekyrkjekarane»

Mennene bak Ulsteinmessa er altså gruppa som kallar seg for «Nyekyrkjekarane». 30 mannfolk frå 20- til 60-åra med hjarte for ungdomsarbeidet til soknet.

– Messer er ofte, i kyrkjelege samanhengar, gryteklutar og diverse nips. Vi ønskjer å få til noko litt anna. Alle karane i gruppa har ulik tilknyting til ungdomsarbeidet i soknet og kyrkja, men vi er alle engasjerte, og ønskjer å skape noko nytt for Ulstein-samfunnet. Så ser vi at ny kyrkje er noko som engasjerer. Vi tenkjer ikkje at dette betyr at finansieringa av nytt bygg er klar, dette handlar like mykje om det å få til noko nytt, som kan vere kjekt for alle, seier Lars Erling Bjåstad Hovlid.