Stillinga som assisterande rektor ved Hareid skule har vore lyst ut på nytt. Sju kandidatar har meldt seg. Seks av dei ber om anonymitet i tilsetjingsprosessen.

Den einaste som ikkje har bede om anonymitet er Ann-Helen Grimstad Worren (46 år), som for tida er avdelingsleiar for 1.-4.-klasse ved skulen.

Mellom dei seks andre søkjarane er det 2 adjunktar, 1 lektor, 1 leiar, 1 barnehagelærar og 1 kontaktlærar. Seks av dei sju søkjarane er frå Hareid. Den sjuande frå Ulstein.

Stillinga som assisterande rektor har vore lyst ut ein gong tidlegare i år, men då melde det seg berre to søkjarar. Kommunen valde då å gå ut med ei ny utlysing, som altså har gitt monaleg fleire søkjarar.

Cecilie Bjørlykke har hatt stillinga, men etter at ho overtok som rektor ved Hjørungavåg skule har Ann Helen Grimstad Worren og Peter Paus delt stillinga mellom seg.