Orda kjem frå Line Urke, dagleg leiar i Ulstein næringslag. På kort tid har Æra, Barnehjørnet og Guidelines lagt ned butikkane sine. Og kjedebutikken Stormberg har flytta frå Ulsteinvik.

Legg ned:

– Vi er inne i ei vanskeleg tid, og det er fleire som slit. Både butikkar og industri. Folk som er permitterte eller som har mist arbeidet sitt handlar mindre, det seier seg sjølv. I tillegg har netthandelen byrja å breie om seg. Oppmodinga mi er at folk i større grad gjer seg nokre tankar om dei ønskjer det skal vere butikkar i Ulsteinvik. Viss folk handlar meir og meir på nett er eg redd vi til slutt står att med store utleveringsplassar for pakkar vi har tinga på nett, kommenterer Urke.

Ho meiner også at det er eit problem at mange reiser til Moa og andre stader med store kjøpesenter for å handle.

– Tenk kor flott det var i Ålesund sentrum før. Butikkane låg på rekke og rad, men så tok Moa over. Butikkane i sentrum forsvann, og folk synest det er trist. Så bruk butikkane viss de vil ha dei, seier Urke.