– Vi var litt spente på om det ville kome nokon, sidan dette var noko heilt nytt, seier ein av arrangørane, ergoterapeut Mariette Gjerde. Saman med dei andre i helse- og omsorgsetaten i Ulstein kommune ville ho lage ei hending som hadde «på tvers av generasjonar og kulturar» som motto. I tillegg til den eldre garde var difor også born og flyktningar inviterte.

Naturhelsestudio

Ordførar Knut Erik Engh opna arrangementet. Han rosa initiativtakarane.

– Det er viktig å ha fokus på god folkehelse. Viss vi skal leve ikkje berre lenge men også godt, er det viktig å vere i dagleg aktivitet, sa Engh.

Denne dagen vart det også opna eit såkalla naturhelsestudio på Alvehaugen. Det er eit område utandørs som kan brukast til fysisk aktivitet. og det er Friskusgjengen som står bak.

EU-kontroll

Deltakarane i Rollatorløpet 2017 stilte med både rullatorar og rullestolar. Dei som ville, kunne få gjennomført ein EU-kontroll av køyretøyet før dei skulle vere med på løpet frå start til mål.

Sjølve løpet gjekk fint føre seg, fortel Mariette Gjerde:

– Alle kom i mål og alle fekk medalje, så dette var vellukka.

Langs løypa stod klasse 1B frå Ulstein barneskule og fungerte som heiagjeng. Flyktningane stilte som hjelparar og motivatorar, og bidrog til at alle klarte å fullføre anten kort eller lang løype.

Og sidan det trass alt var ein kald og våt sommardag, trekte folk til slutt inn for å sjå Seniordansarane danse.