Hødd-legende André Nevstad (45 år) med 683 kampar i Hødd si A-drakt, hadde comeback som fotballspelar onsdag kveld då han mønstra for Hødd3 det siste kvarteret av 6.-divisjonskampen mot Hareid2 på Hareidsmyrane stadion.

Hareid2 vann kampen 3-1.

Nevstad, som gav seg som spelar etter 2008-sesongen, inntok straks rolla som midtbanegeneral, la inn eit par Cruyff-vendingar og slo elles nokre gode framspel. Men han måtte også tole nokre tøffe taklingar frå det fysisk sterke Hareid2-laget.

Hareid2 leia 2-0 etter scoringar av Andreas Emdal Fure og Kevin Øvrelid. Eit kvarter før slutt reduserte Hødd3 på straffespark ved Håkon Thormodseter. Men like før Nevstad kom inn på bana gjekk Hareid2 opp til 3-1 på eit sjølvmål - og då var det gjort.

Hødd3 er eit reint juniorlag. Dei fleste spelarane spelte juniorseriekamp mot Herd måndag (tapte 2-1).

Resutat i kampane i 6.-div. avd 2 onsdag: Hareid2-Hødd3 3-1, Bergsøy2-Åmdal 3-3, Moltustranda-Hasundgot 0-8, Sæbø-Vartdal 5-2.

TABELL: Åmdal 23 - Bergsøy2 20 - Sæbø 19 - Hareid2 18 - Hasundgot 13 - Hødd3 13 - Gjerdsvika/Larsnes/Gursken 12 - Vartdal 8 - Tjørvåg 4 - Åheim/Stadt 3 - Moltustranda 1. (Sæbø, Gjerdsvika/Larsnes/Gursken, Tjørvåg og Åhem/Stadt har ein kamp mindre enn dei andre).