1. januar 2018 tek Johannes Røren over stillinga etter Vidar Eikrem.

– Det er med ei viss grad av ærefrykt eg går til denne jobben, for eg har enorm respekt for det Vidar har gjort for Ulstein i Kina og store delar av verda gjennom ei årrekkje, seier Johannes Røren til Vikebladet Vestposten.

Røren reiser første gong til Kina og Shanghai som påtroppande administrerande direktør i Ulstein Marine Systems Co Ltd og leiar for det globale salsnettverket, i midten av august. Der skal han få kyndig opplæring frå noverande direktør, Vidar Eikrem.

– Vi blir å overlappe kvarandre i eit halvt års tid, noko som er veldig greitt for meg. Vidar signaliserte for ei tid tilbake at han ønskjer å pensjonere seg ved årsskiftet, og då skal eg vere klar til å ta over etter han, fortel Johannes Røren.

Byrja som lærling

Det blir travle dagar no før han reiser til Kina i august. Men Johannes sette gladeleg av tid til ein prat med lokalavisa kring eventyret han no gir seg i kast med. Eit eventyr som eigentleg hadde sin start då han blei lærling i det som ein gong i tida heitte Ulstein Elektro, i 1995.

– Eg gjorde nesten ferdig lærlingtida mi, før eg reiste i militæret. Fagbrevet tok eg då eg var heime på perm, hugsar eg. Då det byrja å nærme seg slutten på militærtenesta mi, søkte eg meg vidare innan generell sjøteneste, fortel Johannes.

Han kom inn i Kystvakta. Etter å ha komplimitert sivil skule med militære fag blei han tilsett på såkalla BS-nivå (befal med utdanning frå Forsvarets befalsskular).

– Eg likte meg godt i Marinen, og blei der i ti år. I løpet av dei åra hadde eg to år permisjon, fordi eg hamna på landteneste. Dei åra jobba eg både i Olympic og i Havila, seier Røren.

Han og familien flytta heim igjen til Sunnmøre og Brandal, og Johannes søkte seg jobb i Ulstein igjen. Han fekk seg jobb som elektrokoordinator på teknisk avdeling.

Frå koordinator til Kina-sjef

Johannes Røren heldt fram med å klatre på stigen i Ulstein-systemet, og blei så produksjonskoordinator i drifta ved Ulstein Verft.

– Og då ein jobb som prosjektleiar i Ulstein Design & Solutions blei lyst ut, søkte eg på den. Der har eg vore sidan, seier han.

Johannes gjekk så frå å vere prosjektleiar til å bli avdelingsleiar på prosjekt, til å ta over stafettpinnen etter Vidar Eikrem som Ulstein sin sjef i Kina og globale salssjef.

– Eg gler meg til å komme i gong.

Mest i Kina

Direktørstillinga i Kina betyr ikkje berre at Johannes skal byte jobb, det betyr også at han blir å flytte til eit anna land.

– Eg blir nok for det aller meste i Kina, men eg har eit mål om å følgje dei norske ferietidene så godt som mogleg, og kjem nok difor til å vere heime opp til fleire gonger i året. Men det blir på ingen måte vekes- eller månadspendling, seier han smilande og legg til:

– Det blir eit tett og godt samarbeid med dei som sit her i Ulsteinvik. Så har eg også jobba i Kina til tider sidan 2006, og eg kjenner organisasjonen vår der borte veldig godt. Så dette skal gå bra.

Sans består

Kina-jobben betyr også at Johannes må gjere endringar i forhold til Sans Pub på Hareid, som han driv på sida i dag.

– Vi ser på ulike løysingar, og jobbar med å få nokon til å drive puben for oss. Det går seg nok til, seier han til slutt.

Her ser ein Vidar Eikrem i Shanghai, der Ulstein har sitt Kina-kontor. No blir Johannes Røren å flytte bu- og arbeidsstad til den enorme byen. Foto: Ulstein Group.