Det kjem fram i rapporten til formannskapet i Ulstein, som skal ha møte tysdag 27. juni. På sist kommunestyremøte, 23. mai, vedtok politikarane at det til kvart møte i formannskapet skal leverast skriftleg statusrapport for prosjektet.

I denne første rapporten heiter det mellom anna at hovudentreprenøren laga ny framdriftsplan for kort tid sidan.  Ifølgje byggeleiaren er ikkje framdrifta på prosjektet i tråd med denne planen, og det må setjast i verk tiltak.  Eit av tiltaka er å arbeide også i fellesferien.

Momskompenasjon

Det er budsjettert med momskompenasjon for badedelen av prosjektet. Ifølgje rapporten til formannskapet kan førebelse signal tyde på at ein slik rett til momskompensasjon ikkje finst, fordi ein skal selje billettar til anlegget.  Det skal difor haldast møte med advokat og SKatteetaten for å avklare dette nærare.

Parkeringsplassar

I rapporten skriv dagleg leiar i eigedomsselskapet UEKF, Rune Urke, at det ikkje er noko nytt når det gjeld arbeidet med å selje 22 parkeringsplassar i underetasjen på Ulstein Arena.

Han skriv også at det ikkje har kome nye moment som endrar totalkalkylen for prosjektet, som skal romme både idrettshall, badeanlegg og bibliotek.

Rapporten var i utgangspunktet ikkje offentleg, men Vikebladet Vestposten har fått ut ein versjon der nokre opplysningar er sladda.  Du kan lese dokumentet ved å klikke på lenka under bildet øvst i denne artikkelen.