– Det er faktisk første gongen sidan hotellet nyopna for ti år sidan at vi har valt å halde ope i romjula, fortel hotellsjef Erik Lystad ved Quality Hotel Ulstein.

Hotellet vil ha ope frå 3. juledag og til og med nyårsaftan.

– Mange reiser gjerne heim i jula og 3. og 4. juledag ønskjer vi å få til reunions. Det kan vere eit klassejubileum, konfirmanttreff eller liknande, tipsar Lystad. Han fortel at dei kjem til å marknadsføre dette etter sommarferien og finne ut korleis grunnlaget for eit slikt tilbod er.

Dei andre romjulsdagane vert baren open.

Hotellfoajeen vil også verte meir nytta som sosial treffstad.

– Vi kjem til å rydde vekk teppa og legge parkett i staden. Her vil vi ha DJ eller levande musikk på kveldstid og skape ein treffstad med litt meir intim atmosfære enn det vi får når vi opnar opp den store Sjøborg-salen.

Uterestaurant

Eit tilbod som startar opp allereie i byrjinga av juli er uterestauranten.

– Den kjem som ei forlenging av den eksisterande restauranten. Hotellframbygget dannar eit tak over bord og stolar og høve glasvegger vil syte for at det ikkje vert trekkfullt. Vert det fint vêr kan vi hive oss rundt og tilby grillbuffet og på dagtid kan gjestene nytte seg av restauranten sin smårettmeny, fortel hotellsjefen.

Kystysafari

Hotellet vil også blåse liv i konseptet Coast Safari som var eit populært tilbod den tida hotellet heldt til på Varleite.

– Som ein start har vi kjøpt inn to opne småbåtar som er utstyrt med kvar sin påhengsmotor på 30 hestekrefter. Desse er det mogleg å leige både for hotellgjestar og fastbuande, opplyser Lystad.

– Dette er noko som har vore etterspurt av både hotellgjester og lokalt næringsliv som gjerne vil syne fram den flotte skjergarden vår til forretningspartnarane sine, fortel han.

Eit anna tilbod som hotellet no har fått i stand i samarbeid med eigarane av fiskeskøyta «Stero», er fisketur og skjergardssafari.

– For den som kjem frå utlandet kan eit par timar på fisketur utanfor Ulsteinvik vere ei rett så eksotisk oppleving, seier hotellsjefen. Satsing på turisme er sentralt, men Lystad understrekar at også den lokale marknaden er veldig viktig for hotellet.

– Og folk i lokalsamfunnet er flinke til å nytte seg av tilboda våre, kan hotellsjef Erik Lystad fortelje.