- Dette er ein merkedag for Hareid. Fylkesmannen vil gratulere Hareid kommune med denne store dagen. Det har vore sjukdomsteikn i kommuneøkonomien i Hareid i mange år. Og difor er det ekstra gledeleg å sjå at det no er mange sunnheitsteikn å sjå. Men det skal ikkje bli noko kvilepute. Likevel, i dag kan de klappe dykk sjølve på skuldrene, sa assisterande fylkesmann Rigmor Brøste til kommunestyrepolitikarane under kommunestyremøtet torsdag.

Det var ekstra mykje smil og glede i kommunestyresalen på Hareid denne kvelden. For dette var utvilsamt ein stor dag, ein historisk dag. Hareid kommune er ute av Robek-lista. Og no er det offisielt.

- Vi har mange utfordringar framleis, men eg ser lyst på framtida, sa rådmann Ragnhild Velsvik Berge frå talarstolen.

Hareid-rådmannen kunne i kommunerekneskapen presentere eit driftsresultat på 16,3 millonar kroner, og eit overskot på 10,3 millionar kroner.

- Herre i eige hus

Assisterande fylkesmann Rigmor Brøste hadde med seg seniorrådgjevar Sissel Hol for å halde eit innlegg og for å offisielt markere at Hareid kommune er ute av Robek-lista etter til saman 14,5 år - med unntak av eit par år. Kommunen har betalt tilbake dei millionane dei har hatt i underskot desse åra.

Truls Håbakk (Frp) var ein av kommunestyrerepresentantane som nytta høvet til å kommentere årsmeldinga og rekneskapen for 2016, og Håbakk takka både administrasjonen, politikarane og innbyggjarane.

- Dette skal vi hugse som året då Hareid kommune på nytt er herre i eige hus. Eg kjenner veldig på gleda i dette rommet i dag.

- Eg ønskjer å takke rådmennene, den nye og den gamle, som saman med sine tilsette har hatt ein veldig god budsjettdisiplin, seier Håbakk.

Kommunestyrerepresentant Annika Brandal (V) var også strålande blid på talarstolen.

- Vi kan sjå tilbake på eit historisk møte etter denne dagen. Endeleg kan vi gje slepp på Robek-spøkjelset. Årsmeldinga vår viser heilt klart at det blir gjort utruleg mykje godt og viktig arbeid kring om i kommunen vår, seier Brandal.

Godt nøgd ordførar

Ordførar Anders Riise (H) var kledd i finstasen under det historiske møtet.

- Det har blitt gjort ein kjempestor innsats på alle nivå. Men det er viktig å påpeike at dette har vore ein fellesinnsats. Både administrasjonen, dei kommunetilsette, politikarane og ikkje minst innbyggjarane i kommunen har alle bidrege. Vi skal framleis halde oss i skinnet, slik at vi har ei fornuftig drift vidare. Det har ikkje alltid vore kjekt å vore på Robek, det skal vi innrømme. Men, no er vi på rett veg, og vi må halde oss der, seier Riise og legg til:

- Vi har gjort spådommane til skamme, og kan no vise til svært gode økonomiske tal. Vi har klart å kome oss ut av Robek, samstundes som vi har heldt oppe tenestene våre.