(NPK):Sola kommune vart 15. mai den andre kommunen med tiggeforbod etter Lillesand, som innførte forbodet i 2015. Ordførar Ole Ueland (H) i Sola seier at aggressiv tigging har vorte ei utfordring.

Til saman er det 83 kommunar som har lagt restriksjonar på tigginga, viser undersøkingar som Kommunal Rapport har gjort.

Meldeplikt er den vanlegaste avgrensinga. Seks kommunar har innført meldeplikt for dei som vil tigge innanfor kommunegrensene. 68 kommunar har tilsvarande reglar for dei som vil samle inn pengar.

I dei fleste kommunane er det nok at ein melder frå til politiet før ein vil tigge eller samle inn pengar. (©NPK)