Då fekk nemleg fem av fem elevar karakteren seks. Dei fem sisteårselevane har hatt fysikk som studieretningsfag, og medan resten av klassa kom opp i norsk munnleg, vart desse fem trekte ut til fysikk.

– Dette er veldig spesielle elevar, det må eg seier. Dei er gode i fysikk, ja, men dei hadde i tillegg førebudd seg uvanleg godt, seier Ole Arild Bø entusiastisk.

Intens jobbing

Det er siste dag før sommarferien på Ulstein vidaregåande skule. Eint svært stolt Bø har invitert lokalavisa til skulen for å møte dei fem elevane som imponerte ikkje berre han men også den eksterne sensoren frå Fagerlia vidaregåande skole.

– Eg jobba intenst dei to dagane frå eg fekk vite at eg skulle opp i fysikk, fortel Bendik Stokke frå Eiksund. Han fekk mellom anna spørsmål om elektrisk ladning i magnetfelt.

Sander Solbakken frå Sande synest det var spennande med munnleg eksamen.

– Ja, eg må seie eg var ganske skjerpa og hadde førebudd meg godt.

Også Sivert Åmelfot frå Volda, Elise Brandsvik Skeide frå Ulstein og Ole Bendik Otterlei frå Herøy er fornøgde med eigen innsats. Alle fem er såkalla TAF-elevar ved skulen. Det betyr at dei får både fagbrev og generell studiekompetanse etter fire år på vidaregåande.

Lærar får æra

Fysikklærar Ole Arild Bø var eksaminator under eksamen, slik han har vore mange gongar før. Og når han seier at han ikkje har opplevd før at 100 prosent av kandidatane har fått toppkarakter, så har han nokre år å samanlikne med. For Bø har vore lærar i 43 år.

– Det er heilt klart at Ole Arild bør få ein del av æra for det gode resultatet, seier Bendik Stokke. – Ja, var ikkje det for Ole Arild, så trur eg ikkje vi hadde lært noko som helst, seier Sander Solbakken. – Han er ein veldig engasjert lærar som kan faget sitt og som har mykje erfaring, fortel Sander.

Pensjonist

Det er stille på fysikkrommet på skulen, som er kalla opp etter den tidlegare eleven og nobelprisvinnar Edvard Moser. Vi kan ane eit lite vemod, for tida på skulen er definitivt over for både elevane og læraren.

Elise skal ha eit friår før ho, etter planen, skal starte på arkitektstudiet. Ole Bendik og Bendik slår følgje til Mandal, der dei skal gå på folkehøgskule. Begge har valt teknologi som linje. Sivert skal i militæret, før han har tenkt å kaste seg ut i ingeniørstudiar. Sander skal rett på studiar i Bergen frå hausten, han skal lære meir om undervassteknologi.

Og læraren, han som avslutta lærargjerninga med dei fem seksarane, vert pensjonist på heiltid. Ole Arild Bø starta som lektor i 1974. Ti år seinare, i 1984, kom han til den vidaregåande skulen i Ulstein. Seinare same dag får lokalavisa følgjande SMS frå Bø, etter å ha spurt kva planar han har no:

«Lese, m.a. litt astrofysikk og litt matematikk, snakke med ei veldig kjekk kone, joggeturar med Jens Prest, leike med 13 barnebarn, redigere Folk og Fortid, lage til kveldsmesser i Herøy kyrkje, ta telefonvakter i Kirkens SOS, sjå etter hytta på Rennesøy utanfor Stavanger, halde kontakt med tidlegare kollegaer, diskutere med venner om livet verkeleg har to utgangar, heie på Viking, gå til kyrkje søndag formiddag, ikkje stå opp kl. 7!»